Pegasus/ADHD - Ålesund

Kurset er for personar med ADHD og deira nærståande.
Ein kan også delta på kurset utan å ta med nokon.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Tilvising skal sendast elektronisk til Psykiatrisk poliklinikk, Ålesund sjukehus
Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din eller behandlar i spesialisthelsetenesta for tilvising.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap, forståing og meistring i det å leve med ADHD.

Vi ønsker også at du skal få møte andre med ADHD og utveksle erfaringar.

Pårørande er velkomne til å delta.


Innhald

På dette kurset lærer du meir om ADHD og kva du kan gjere for å betre handtere dei utfordringar som ADHD kan medføre i kvardagen. Det vil også være tid til diskusjon og utveksling av erfaringar mellom deltakarane.

Aktuelle tema:

  • ADHD hos voksne – ein introduksjon
  • Medikamentell- og psykologisk behandling av ADHD
  • Livsstilsfaktorar og ADHD
  • Strategiar og kognitiv støtte i kvarrdagen
  • Leve med ADHD
  • ADHD og relasjonar
  • ADHD i arbeidslivet


Praktiske opplysningar

Kurset består av 6 kurssamlingar. Kurset haldast på dagtid 1 gong i veka, og kvar samling er 2,5 time.


Rettar og eigenandel

Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


Nyttige nettsider

ADHD Norge

Fann du det du leita etter?