Kvifor delta på kurs
Vi ønsker at dere som er familie eller anna pårørande skal bli betre kjent med Ålesund behandlingssenter, få informasjon / opplæring, og treffe andre i same situasjon. Seminaret er meint som eit bidrag til meistring, auka forståing for rusavhengigheit og korleis familien vert påverka.
Det er anbefalt å delta begge dagane.
Innhald
- Brukarinnlegg av ein pårørande
- Brukarinnlegg av ein rusmisbrukar
- Korleis blir vi påverka og kva kan vi gjere?
- Korleis forstå avhengigheit
- Informasjon om sjølvhjelpsgruppar
- Erfaringsutveksling i gruppe
- Fysiske og psykiske skadeverknader ved rusmisbruk
- Psykiske lidingar
Praktiske opplysingar
Kurset går over 2 dagar
Kurset er gratis
Dersom dykk har barn i familien som har behov for tilrettelagde samtalar ber vi dykk om å ta kontakt (sjå kontaktinformasjon). Ålesund behandlingssenter leggjer til rette for barnesamtalar/familiesamtalar etter avtale og behov. Dersom barn ønsker å vere med på besøk til innlagde pasientar under pårørandeseminaret, må dette avklarast med innelagd pasient og pasientens behandlar.
Vi ber deg gi beskjed i god tid dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, for eksempel kost, allergier, hørsel etc.
Rettar og eigenandel
Er du pårørande til ein vaksen pasient kan du søkje arbeidsgivar om velferdspermisjon for å delta på webinaret. Deltakarbekrefting blir sendt til dei som treng det.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Pårørandesenteret