Lysbehandling - Generell informasjon, Ålesund

Hudpoliklinikken Ålesund

Medisinsk lysbehandling blir brukt ved ei rekke hudsjukdommar. Avhengig av type sjukdom og kor alvorleg den er avgjer vi kva type ultraviolett (UV) lys du får.  Behandlingen verkar dempande på betennelse, gir tjukkare overhud og auka pigmentering.

Innleiing

Hovedtypane av ultrafiolett lys er UVA (langbølga) og UVB (kortbølga).
UVB blir delt inn i to undergrupper, smalspektra (TL01) og breispekta. Ein kan få éin type lys eller ein kombinasjon.

Dosane er avhengige av hudtypen og kva hudsjukdom som skal behandlast.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Før du startar behandlinga må du fortelle kva medisinar du brukar. Dette gjeld også naturmedisinar. Enkelte medisinar kan gjere deg meir følsam for lys, slik at du lettare blir brent. Dette gjeld også enkelte kremar/salvar.  

Dersom du startar med nye medikament under behandlingsperioden, må du fortelje det til oss. Dette gjeld også naturmedisinar.

Bør du smøre deg før behandlingen?

Generelt bør du vente med medisinske salvar som lokale steroider og D-vitaminkremar til etter behandlinga, eventuelt minst 2 timer før behandling.

Område som ikkje trenger behandling (for eksempel ansiktet) bør dekkast til.

2. Under

Dersom du skal behandle heile kroppen står du inni eit lyskabinett.

Ved plager/utslett i underliv, hovudbotn eller på hender/føter har vi spesielle lyskilder til å bruke på desse områda (sitte-, kam-, hand- og fotsol).

Behandlingen blir vanlegvis gitt tre til fem gonger i veka.

Dersom ein tar TL01-behandling kan det for mange vere nok med to gongar i veka. Denne behandlinga skal ein aldri ta to dagar etter kvarandre slik ein kan med UVA og breispektra UVB.

Strålinga tar frå nokre sekund til fleire minutt.

Apparatet gir ei bestemt dose per behandling. Auka dose blir vurdert individuelt.

3. Etter

For å unngå tørr og kløende hud bør du bruke fuktkrem etter behandlingane. På behandlingsdagane bør du unngå soling ute.

Ver merksam

  • Du kan bli brent
  • På behandlingsdagene bør du unngå soling ute 
  • UV-lys kan gi hudkreft, men for breispektra UVB er risikoen liten ved kontrollert behandling i avgrensa periodar. Risikoen blir alltid vurdert i forhold til den gode effekten behandlingen har.
  • TL01 er en relativt ny behandling, og det er mogeleg at denne gir noko høgare risiko for kreftutvikling enn UVB.
  • Ved hyppig behandling kan du få raskare aldring av huda
  • UVA-behandling kan gi plagsom varmeutvikling i kabinettet, og dette kan irritere huda og gi meir kløe for enkelte eksempasientar
  • Det er ikkje avklart i kva grad UVA kan bidreg til kreftutvikling i huda

Kontakt

Hudpoliklinikken Ålesund
Telefon
Ekspedisjon: 70 10 54 50 , Lysbehandlingseininga: 70 10 54 53 , fax: 70 10 54 51
måndag - fredag 08:00 - 15:30
70 10 54 50 er stengd mellom 11:30 - 14:00.
E-post
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.