HELSENORGE
Hudpoliklinikken Kristiansund

Lysbehandling, Molde sjukehus

Medisinsk lysbehandling blir brukt ved ei rekke hudsjukdommar. Behandlinga verkar betennelsesdempende, gir tjukkare overhud og auka pigmentering. Hudlege tilviser deg til behandlinga. Dosane er avhengige av hudtypen og kva hudsjukdom som skal behandlast.

Innleiing

Hovudtypane av ultrafiolett lys er UVA (langbølga) og UVB (kortbølga).
UVB blir delt inn i to undergrupper, smalspektra (TL01) og bredspektra. I Molde gir vi smalspektra UVB (TL01). 


Før

I samband med oppstart av behandlinga må du oppgi om du bruker medisinar, også naturmedisinar, då enkelte medisinar kan gi auka følsomheit for lys slik at forbrenning lettare oppstår. Dette gjeld òg enkelte kremar/salver. 
Du må òg melde frå til oss dersom du startar med nye medikament i behandlingsperioden. Dette gjeld òg naturmedisinar. 

Bør du smørja deg før behandlinga?

Generelt bør du vente med å påføre medisinske salver som lokale steroid og D-vitaminkremar til etter behandlinga, eventuelt minst 2 timar før behandling.
Område som ikkje treng behandling (f. eks. ansikt) bør dekkast til.


Under

Dersom du skal behandle heile kroppen står du i eit lyskabinett.
Behandlinga blir vanlegvis gitt tre gongar i veka.
Strålinga tar frå nokre sekund til fleire minutt.  
Apparatet gir ein bestemt dose per behandling. Auka dose blir vurdert individuelt frå gong til gong. 




Etter

For å unngå tørr og kløande hud bør du bruke krem som gir fukt til huda etter behandlingane. 
På behandlingsdagene bør du unngå soling ute.

Ver merksam

  • Du kan bli solbrent i huda
  • På behandlingsdagene bør du unngå soling ute
  • UV-lys kan gi hudkreft, men for breispektra UVB er risikoen liten ved kontrollert behandling i avgrensa periodar. Risikoen blir alltid vurdert i forhold til den gode effekten behandlinga har
  • TL01 er ei relativt ny behandling, og det er mogleg at denne gir noko høgare risiko for kreftutvikling enn UVB
  • Det er ikkje avklart i kva grad UVA kan bidra til kreftutvikling i huda
  • Ved hyppig behandling kan du få raskare aldring av huda


Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

​​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.

  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Molde sjukehus

Mandag-fredag: kl. 17.00-19.00

Laurdag-søndag: kl 16.00-18.00 

Ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf.  71 12 00 00


 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag og søndag: 10.00–19.00

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i sokkeletasjen (aust). Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?