Mammografi, Ålesund

Brystdiagnostisk senter (BDS)

 

Mammografi er ei røntgenundersøking av brysta som viser brystvevet for å oppdage eventuelle forandringar.





 

Innleiing

 


 

 

Tilvising og vurdering

Ved kliniske symptom frå bryst skal tilvisning sendast til kirurg ved Brystdiagnostisk senter (BDS).
Kirurgen prioriterer tilvisninga og bestemmer kva type diagnostikk som er indisert.

Det er fastlegen din som tilviser til mammografi.

Kvinner i alderen 50 - 69 år blir i tillegg automatisk invitert til mammografiscreening i regi av Mammografiprogrammet kvart andre år. Hensikta her er å oppdage brystkreft i eit tidleg stadium.

Mammografiprogrammet

Du kan reservere deg frå å få invitasjonar til Mammografiprogrammet ved å senda ein e-post til mammografi@kreftregisteret.no, eller ved å fylle ut og sende eit reservasjonskjema per post til Kreftregisteret.
Du kan også ringe Kreftregisteret på telefon 22 45 13 00.

Ved bruk av e-post, oppfordrar vi deg til å ikkje sende sende sensitive personopplysningar som sjukdom, diagnose og personnummer.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Tilvising av pasientar til brystdiagnostikk. 

Kontroll av pasientar som er behandla for brystkreft.

Behov for tolk.
Dersom ein har behov for tolk må det bli oppgitt i tilvisinga saman med opplysningar om kva språk pasienten snakkar.

 

 

1. Før

Du bør ikkje bruke deodorant, parfyme, pudder eller krem av noko slag i armhola eller på/under brysta den dagen du skal til undersøking. Dette kan påverke bileta og gjere vurderinga av bileta vanskeleg.

Ein radiograf vil stille deg nokre spørsmål før sjølve undersøkinga og sjå etter forandringar i huda på brysta som kan bli synlege på mammografibileta. Dette er informasjon som røntgenlegen bruker når han granskar bileta.


Ved frammøte tek du kontakt med ekspedisjonen på Brystdiagnostisk Senter dersom du er tilvist frå fastlege/kirurg. Dersom du skal til screening i Mammografiprogrammet kan du berre setje deg ned på venterommet.

Før sjølve røntgenundersøkinga vil ein radiograf stille deg nokre spørsmål og sjå etter hudforandringar på brysta som kan bli synlege på mammografibileta. Dette er informasjon som blir nytta når røntgenlegane granskar bileta.

Funksjons- bevegelseshemma eller andre spesielle behov for tilrettelegging?
Ta kontakt med Brystdiagnostisk senter (70 10 57 01). 

2. Under

 

Sjølve røntgenundersøkinga tek berre nokre få minutt. Brystet blir plassert på ei plate, og ei øvre plate blir senka ned og legg press på brystet for å gjere røntgenbiletet skarpt og redusere stråledosen. Nokre kvinner synest dette er ubehagelig, men det varer berre nokre få sekund.

Ut i frå kva som er årsaka til at du skal til mammografi, er gjennomføringa av undersøkinga slik:

  • Når du er tilvist til mammografi på grunn av eit symptom frå brysta tar vi to bilete av kvart bryst, og eventuelt tilleggsbilete. Vi tar også ein ultralyd/vevsprøve viss røntgenlegen meiner det er nødvendig.
  • Når du er tilvist som ledd i kontroll etter gjennomgått brystkreft eller ved familiær risiko for brystkreft tar vi to bilete av kvart bryst. Vi tar også her ein ultralyd/vevsprøve viss røntgenlegen meiner det er nødvendig.
  • Ved undersøking etter invitasjon i Mammografiprogrammet tar vi to bilete av kvart bryst.

Ved undersøking etter invitasjon i Mammografiprogrammet blir det tatt to bilete av kvart bryst. Ca 3% av kvinnene som møter til mammografiscreening blir kalla tilbake for ei etterundersøking med tilleggsbilete og ultralydundersøking. Å bli kalla tilbake for etterundersøking betyr ikkje at du har brystkreft. Berre ca 20% av dei som blir etterundersøkt har brystkreft.

3. Etter

Du kan reise heim etter undersøkinga, så snart vi har kontrollert at kvaliteten på bileta er god nok.

Dersom du og er tilvist til ultralyd og/eller kirurgisk vurdering blir du sitjande på venterommet til det er klart for neste undersøking.

Dersom du har time til kirurg same dag, får du svaret der.

Mammografi tatt etter tilvising frå fastlege blir granska av to røntgenlegar og svaret blir sendt til tilvisande lege i løpet av 1-2 veker.

Du kan reise heim etter undersøkinga.
Dersom du er tilvist til mammografi blir svaret på undersøkinga sendt til tilvisande lege.

Mammografiscreening

Ca. 3% av kvinnene som kjem til mammografiscreening blir innkalla til ei etterundersøking med tilleggsbilete. Då tar ein ofte ei ultralydundersøking også. Å bli innkalla til etterundersøking betyr ikkje at ein har brystkreft. Kun ca. 20% av dei etterinnkalla har brystkreft.

Svaret på mammografiscreening blir kun sendt til deg.

 

Ver merksam

 

Arrangement

Eksterne kurs

Kontakt

Oppmøte
Brystdiagnostisk senter finn du i 2. etasje.
Bruk inngangen på nordsida av sjukehuset.
Brystdiagnostisk senter (BDS) Ålesund
Telefon
70 10 57 00 eller 70 10 57 01
måndag - fredag 08:00 - 15:30
.
Postadresse
BDS, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Endre/avbestille time

Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe brystdiagnostisk senter på telefon 70 10 56 27 eller 70 10 56 00 mandag - fredag i tidsrommet 08:30 - 10:30 og 12:00 - 13:00. 

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.