Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi tilrår at du brukar bind og unngår tampongbruk i denne perioda. Unngå samleie og karbad så lenge du framleis blør. Det er ikkje uvanleg å ha menstruasjonsliknande smerter.
Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4-6 veker etter aborten. Den første menstruasjonen kan vere kraftigare og meir langvarig enn du er van med. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Spiral kan settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.
Etterkontroll:
Fire veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.
Ta kontakt med sjukehuset dersom du har:
- positiv graviditetstest etter fire veker
- smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
- bløding som varar meir enn 28 dager
- feber (over 38 grader)
- ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 4-6 veker
Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.