Dagen etter aborten får du telefon frå sjukepleiar ved sjukehuset som vil høyre korleis du har det og om aborten er fullført. Du kan vere i vanleg aktivitet dersom du føler deg i form til det.
Etter 4-6 veker vil menstruasjonen oftast vere tilbake. Det er ikkje uvanleg at den første menstruasjonsblødninga både er kraftigare og varar lengre enn du er van med.
Hormonell prevensjon kan takast i bruk så snart aborten er sluttført. Spiral kan setjast inn etter 4 veker, og skjer vanlegvis hos eigen lege.
Etterkontroll
Du skal ta graviditetstest 4 veker etter aborten for å påvise at svangerskapet er avslutta.
Ta kontakt med sjukehuset ved:
- feber - temperatur over 38°C
- smerter og kraftig blødning (med klumpar) i meir enn 2 veker
- positiv graviditetstest 4 veker etter aborten
- blødning som held fram i meir enn 4 veker etter aborten
- ikkje har fått tilbake menstruasjonen 4-6 veker etter aborten
Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.