Gynekologisk poliklinikk Volda

Medikamentell heimeabort, Volda

I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.

Innleiing

For at medikamentell abort skal kunne skje heime må du vere over 18 år og frisk. Du må kunne forstå og snakke norsk, og ha høve til å ha ein vaksen person saman med deg. Heimeabort er aktuelt fram til svangerskapsveke 9.

Tilvising og vurdering

Planlagt oppfølging ved ufrivillig graviditet startar vanlegvis hos fastlege som tilviser til sjukehuset. Du kan også ta direkte kontakt med sjukehuset for undersøking. 

Hos fastlegen

Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen din så tidleg som mogeleg dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet. Fastlegen utfører gynekologisk undersøking for å vurdere svangerskapslengde før vidare tilvising til sjukehuset. Du vil bli bedt om å signere eigenerklæring "Begjæring om svangerskapsavbrot". 


P
å sjukehuset

På sjukehuset får du samtale med sjukepleiar og gynekolog. Du vil få ein gynkologisk undersøking med ultralyd for å fastslå svangerskapslengde. Det blir bestemt kva for abortmetode som skal nyttast. Vanlegvis blir aborten sett i gang med medikament. Før svangerskapsveke 9 kan behandlinga skje heime.

Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling vert bestemt.

Før

Innleiande behandling

Du har vore til undersøking og vurdering på sjukehuset og det er avtalt at aborten skal skje heime ved hjelp av medikament. Det er to ulike medikament som blir nytta:

  • Mifegyne som startar abortprosessen 
  • Cytotec som hjelper kroppen å fullføre aborten   


Første del av behandlinga skjer på sjukehuset. Du får tabletten Mifegyne som du svelger, og når den er tatt er det for seint å ombestemme seg. Før du forlet sjukehuset får du med deg Cytotec og smertestillande for vidare behandling heime.

Du kan i løpet av dei neste dagane få blødning og menstruasjonsliknande magesmerter. Bruk bind og ikkje tampongar ved blødning. Ved behov for smertestillande kan du ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet. Hos nokre få skjer aborten utan at vidare behandling er nødvendig. 
 

Ta kontakt med sjukehuset dersom:

  • du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
  • aborten skjer utan at vidare behandling er sett igang 

Lev elles så normalt som mogeleg. 

Under

Vidare behandling heime

To dagar etter at abortprosessen blei starta på sjukehuset held du fram behandlinga heime. Det er nødvendig at du har ein vaksen person i lag med deg.

Korleis går du fram?

  • start behandlinga om morgonen 
  • plasser 4 tablettar Cytotec djupt i vagina/skjeden
  • vent 10-15 minutt med å reise deg opp - deretter bør du vere oppe for å hjelpe prosessen igang
  • bruk medikament for smerter og kvalme etter informasjon frå sjukehuset 
  • spis, drikk og lev elles som normalt


Vanlegvis vil aborten skje 4-6 timar etter at tablettane med Cytotec blei sett. Dersom det går meir enn 6 timar før du får blødning ringer du sjukehuset for informasjon og vidare avtale.

NB! Du kan få sterke menstruasjonssmerter og det er vanleg med rikeleg bløding. Om du blir utrygg i situasjonen tar du kontakt med sjukehuset.

Obs! Du kan ikkje køyre bil denne dagen 

Etter

Dagen etter aborten får du telefon frå sjukepleiar ved sjukehuset som vil høyre korleis du har det og om aborten er fullført. Du kan vere i vanleg aktivitet dersom du føler deg i form til det.

Etter 4-6 veker vil menstruasjonen oftast vere tilbake. Det er ikkje uvanleg at den første menstruasjonsblødninga både er  kraftigare og varar lengre enn  du er van med.

Hormonell prevensjon kan takast i bruk så snart aborten er sluttført. Spiral kan setjast inn etter 4 veker, og skjer vanlegvis hos eigen lege.

Etterkontroll

Du skal ta graviditetstest 4 veker etter aborten for å påvise at svangerskapet er avslutta.

Ta kontakt med sjukehuset ved:

  • feber - temperatur over 38°C
  • smerter og kraftig blødning (med klumpar) i meir enn 2 veker
  • positiv graviditetstest 4 veker etter aborten
  • blødning som held fram i meir enn 4 veker etter aborten
  • ikkje har fått tilbake menstruasjonen 4-6 veker etter aborten

Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.   

Kontaktinformasjon

KORONAVIRUSET: Viktig informasjon til besøkande

​For å unngå koronasmitte har vi restriksjonar for besøk på sjukehusa. Viss du planlegg eit besøk, må du gjere deg kjent med gjeldande rutine.

Gjeldande rutine finn du her

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 17:00 - 19:00 på kvardagar, og ​mellom kl 16-18 i helger ​. Besøkjande må ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

Ved Volda sjukehus finn du dei fleste parkeringsplassane på oppsida (nordsida) av sjukehuset. I tillegg er det noko parkeringsareal mellom DPS-et og hovudbygget. Det er kostnadsfritt å parkere ved sjukehuset. HC-parkering ved hovudinngangen, akuttmottaket, DPS og BUP. Det er moglegheit for av- og påstiging rett utanfor hovudinngangen.


 

Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?