Førebuing heime
På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du har:
- Pacemaker/ICD, nevrostimulator
- Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
- Operert metall i kroppen ( til dømes klips på blodkar i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
- Tatoveringar
- Er gravid
Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.
Tannprotesar kan gi forstyrringar i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.
Dersom du tek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.
Om du ammar ber vi om at du kontaktar røntgenavdelinga.
Visse typer kosmetikk (maskara) kan gi ubehag. Du bør ikkje bruke sminke før undersøkinga.
Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du kan ringe eller ta kontakt (sjå under for kontaktinformasjon) dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på.
Førebuingane varierer ut frå kva som skal undersøkast.
Informasjon om dette vert gitt i innkallingsbrevet du mottek i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.