MR av mage, Volda

Radiologi Volda

MR er ei forkorting for magnetisk resonans. Under ein MR-undersøking ligg den som vert undersøkt i eit magnetfelt og ved hjelp av radiobølger vert det danna MR bilete. Det er inga form for røntgenstråling med ei MR-undersøking.

Innleiing

MR av mage kan innebere undersøking av mellom anna lever, bukspyttkjertelen, nyrer, tynntarm, gallegangar eller lymfeknutar i buken.
  
Ved nokre spørsmålstillingar vert MR kontrast gitt via ei blodåre. 

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.




Sikre rett bruk av røntgenundersøkingar

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.  

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

 

MR-sjekkliste må alltid fyllast ut.
Ved mangel av sjekkliste blir det sendt purring til tilvisande lege. Tilvisinga bli liggande på vent og pasienten får ikkje time før vi har mottatt sjekklista.

Viktige punkt i sjekklista:

  • Ein må presisere om pasienten har implantat eller framandlekamar i kroppen. Dette for å tilpasse undersøkinga for pasienten og velge rett prosedyre for å oppnå nødvendige bilete og god kvalitet.
  • Pasientvekta må fyllast ut. Det er viktig å vite med tanke på om undersøkinga kan utførast i forhold til plassen i sjølve maskina. Undersøking av overvektige pasientar krev noko meir tid og det kan vere nødvendig å gjere spesielle biletopptak.
  • Har pasienten ventrikuloperitoneal shunt skal dette noterast i sjekklista. Enkelte shunt må kontrollerast av nevrologisk avdeling etter undersøkinga.

     
    Annan viktig informasjon:
  • Vi treng å vite om pasienten har klaustrofobi. Dette for å tilrettelegge undersøkinga best mogleg for pasienten.
    Ved kraftig klaustrofobi kan det vere nyttig at pasient og tilvisar snakkar saman om bruk av beroligande legemiddel før undersøkinga.
  • Det er nødvendig med gode kliniske opplysingar om pasientens sjukdom.
  • Merk tilvisinga med kor mykje undersøkinga hastar ("utgreiing", "snarleg undersøking")
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må dette skrivast i tilvisinga. Og kva språk pasienten snakkar.

1. Før

Du vil få nærmare informasjon om førebuingar i innkallinga du mottek i posten eller ved avdelinga når timen blir avtalt.

Førebuing heime

Du må faste fire til seks timar før undersøkinga avhengig av kva type undersøking du skal på. Du bør drikke rikeleg med vatn i denne perioden.
Det er svært viktig at du les vedlagte informasjonsfaldar, og tar kontakt dersom noko er uklart.
Når du møter på røntgenavdelinga får du drikke kontrast (cirka ein liter) ved undersøking av tynntarmen. Du skal drikke jamnt over 60 minutt.

På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller legen som tilviser deg til undersøkinga, på førehand vite om du har:

  • Pacemaker/ICD, nevrostimulator
  • Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
  • Operert metall i kroppen (til dømes klips på blodkar, shunter i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
  • Tatoveringar
  • Er gravid

Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.

Dersom du tek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.

Om du ammar ber vi om at du kontaktar radiologisk avdeling.

Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen din om smertestillende/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

Førebuing på sjukehuset

Nokre gongar kan det vere nødvendig å setje ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte å bevege seg ei lita stund. Det fins ulike medisinar og MR-personalet vil tilpasse dette for kvar enkelt pasient. Tarmrøyrsler kan elles gi forstyrringar i bileta.

Har du klaustrofobi?

Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga.
Du kan ringe eller ta kontakt (sjå under for kontaktinformasjon) dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre. Ei plastnål (venekanyle) vert lagt inn i ei blodåre i.

Dersom det kan vere aktuelt å gi deg kontrast i samband med undersøkinga, skal legen din bestille nyrefunksjonsprøve av deg mindre enn 30 dagar før undersøkinga.

2. Under

Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar. Korleis du ligg avheng av kva som skal undersøkast. Det kan variere frå mage til rygg, der hovudet eller beina ligg først. Det ein skal undersøke må ligge midt i magneten. 

For å ligge komfortabelt kan du få ei pute under knea.

Ved MR-undersøkinga må ein legge ein spole (plate) over buken, og det er den som lagar bileta.
Nokre gongar legg vi ei lite band over buken. Denne hjelp oss til å sjå korleis du pustar. Slik kan vi unngå forstyrringar på bileta frå pustinga.

Medan fotograferinga går føre seg, høyrer du ein bankelyd i maskina. Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga pågår. Du vil få utdelt øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden eller du kan høyre på musikk/radio. Ved enkelte MR opptak må du halde pusten, og da kommuniseres det via øyreklokkene.

Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga går føre seg. MR sjekklista gjeld også for pårørande som skal vere i rommet.

Når bileta vert tatt går personalet ut av rommet, men dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa som du kan bruke for å få kontakt med personalet, dersom du må ut av maskina. Denne gir tryggleik for både deg og personalet. Dei kan elles snakke med deg via ein mikrofon eller dei kjem inn i rommet kor du ligg.

Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra.

Undersøkinga tek omlag frå 20 til 45 minutt, avhengig av kva din lege har etterspurt.
Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kjem på avdelinga.

Gjer det vondt?

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabelt før sjølve undersøkinga startar.

Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi kontrast i ei blodåre. Forutan eit stikk i arma gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag. 

 

3. Etter

Pasientar som har fått avslappande medikament skal ikkje køyre bil sjølve.

Resultatet av undersøkinga

Bileta vert granska av ein radiolog som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser.
Rapporten vert sendt legen som tilviste deg.

Bileta og rapporten vert lagra i datasystemet vårt.

Ver merksam

Ein kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiliknande reaksjonar.

Kontrastvæska du drikk før undersøkinga av tynntarmen, fører til at det blir samla mykje vatn i tarmen. Du kan oppleve noko laus mage/diaré etter undersøkinga.

 

Kontakt

Oppmøte

Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje. Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Radiologi Volda
Telefon
70 05 82 66
måndag - fredag 08:00 - 10:00 og 14:00 - 15:30
Vaktsentralen 70 05 82 00 kan formidle kontakt utanom dette tidsrom i spesielle høve.
E-post
Postadresse
Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Ålesund/Volda, seksjon Volda
Helse Møre og Romsdal HF 
Volda sjukehus
Boks 113
6101 Volda
Volda sjukehus
Besøksadresse
Kløvertunvegen 1(Google maps)
Telefon
70 05 82 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 14:00 - 19:00. Vi oppmodar besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Volda sjukehus på telefon 70 05 82 66 i tidsrommet 08:00 - 15:30. 

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​​​​Du kan parkere på anviste plassar utanfor sjukehuset


 

Pasienttelefon

​Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.