Informasjon om eventuelle førebuingar om di undersøking vert gitt i innkallingsbrevet du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.
Førebuing heime
På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du har:
- Pacemaker/ICD, nevrostimulator
- Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
- Operert metall i kroppen (til dømes klips på blodkar i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
- Tatoveringar
- Er gravid
Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.
Tannprotesar kan gi forstyrring i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.
Dersom du tar medisinar skal du ta dei på vanleg måte.
Om du ammar ber vi om at du kontaktar røntgenavdelinga.
Dersom du har vondt for å ligge og/eller må ha beroligende, må du be fastlegen din om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga.
Du kan ringe eller ta kontakt (sjå under for kontaktinformasjon) dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på.
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre. Før undersøkinga vil vi då legge inn ei plastnål (venekanyle) i blodåra di.
Dersom det kan vere aktuelt å gi deg kontrast i samband med undersøkinga, skal legen din bestille nyrefunksjonsprøve av deg mindre enn 30 dagar før undersøkinga.