HELSENORGE
Radiologi Volda

MR barn, Volda

MR er ei forkorting for magnetisk resonans. Under ei MR-undersøking ligg den som vert undersøkt i eit svært sterkt magnetfelt og det blir sendt radiofrekvente signal gjennom kroppen. Desse signala nyttar MR-maskina til å lage digitale bilete. Det er inga form for røntgenstråling med ein MR.

Innleiing

MR vert nytta i undersøkingar der andre diagnostiske metodar er utilstrekkelege eller som supplement til andre metodar. MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandring i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjarte, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusive tarmsystemet.

Undersøkingar som må utførast i full narkose vert ikkje utført ved Volda sjukehus. Desse pasientane vert overførte til Ålesund sjukehus. Narkose blir brukt fordi barnet må ligge heilt stille under undersøkinga.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.




Sikre rett bruk av røntgenundersøkingar

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

MR-sjekkliste må alltid fyllast ut.

MR-sjekkliste ligg i journalsystemet som dei ulike fastlegekontora brukar når dei send elektronisk tilvising. Tilvisinga kan også skrivast ut og sendes på papir.
For dei som ikkje har denne molegheita, så finn du papirtilvisinga her:
Tilvising for Molde og Kristiansund
Tilvising for Volda
Tilvising for Ålesund

Ved mangel av sjekkliste blir det sendt purring til tilvisande lege. Tilvisinga bli liggande på vent og pasienten får ikkje time før vi har mottatt sjekklista.

Viktige punkt i sjekklista:

  • Ein må presisere om pasienten har implantat eller framandlekamar i kroppen. Dette for å tilpasse undersøkinga for pasienten og velge rett prosedyre for å oppnå nødvendige bilete og god kvalitet.

  • Pasientvekta må fyllast ut. Dette for å rekne ut kor mykje kontrast ein skal gi.

  • Kreatinin må fyllast inn. Denne må vere av nyare dato.

  • Har pasienten ventrikuloperitoneal shunt skal dette noterast i sjekklista. Enkelte shunt må kontrollerast av nevrologisk avdeling etter undersøkinga.

Annan viktig informasjon:

  • For alle pasientar som har kjent nedsett nyrefunksjon skal det gjennomførast nyrefunksjonsprøver før dei vert tilvist til MR-undersøking.
  • Det er nødvendig med gode kliniske opplysningar om pasientens sjukdom.
  • Merk tilvisinga med kor mykje undersøkinga hastar ("utgreiing", "snarleg undersøking")
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må dette skrivast i tilvisinga. Og kva språk pasienten snakkar.

Før

På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om barnet har:

  • Pacemaker
  • Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
  • Operert inn metall i kroppen (klips på blodkar i hovudet)

Ut frå desse opplysingane vurderer røntgenlegen om undersøkinga kan gjennomførast.

Før undersøkinga må alle lause metallgjenstandar, klokke og andre verdigjenstandar leggast i ei oppbevaringsboks. Dei kan ikkje vere med i undersøkingsrommet, då dei kan bli øydelagde av magnetfeltet.

Høyreapparat kan bli påverka av magnetfeltet og må fjernast før undersøkinga.

Når barnet kjem på sjukehuset får han/ho innlagt ei plastnål (veneflon).

Det blir gitt ein bedøvingskrem på førehand for at det ikkje skal gjere vondt.

Barnet skal møte opp på Barneavdelinga før undersøkinga.

Under

Tidsperspektiv: 30 - 60 minutt

Barnet vert frakta til undersøkinga i seng og har på sjukehusklede. Mor og far følger med.

Under undersøkinga ligg barnet på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar. Barnet ligg med hovudet først.

Medan fotograferinga pågår høyrest ein bankelyd i maskina. Barnet får på seg øyreklokker som dempar bankelyden.

Barnet må ligge heilt stille under undersøkinga.

Når bileta vert tatt går MR-personalet ut av undersøkingsrommet, men dei kan sjå og følge med på barnet gjennom eit vindauge. Ein alarmknapp kan brukast for å få kontakt med MR-personalet. Helsepersonell vil vere til stades under heile undersøkinga i lag med barnet.

Varigheita vil variere avhengig av kva som skal undersøkast, frå 30 til 60 minutt.

Gjer det vondt?

Det kan vere nødvendig å gi MR-kontrast i ei blodåre i arma ved nokre tilfelle. Forutan eit stikk i arma, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

Etter

Resultatet av undersøkinga

Bileta vert granska av ein røntgenlege som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt til legen som sendte barnet til MR innan ei til to veker. Bileta og rapporten vert lagra i datasystemet vårt.

Er barnet innlagt på sjukehuset vil resultatet av undersøkinga bli gitt av legen dagen etter.

Ver merksam

Det kan vere nødvendig å gi MR-kontrast i ei blodåre i arma ved nokre tilfelle. MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiske reaksjonar. Ein kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

For barn med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppstå alvorlege biverknader etter bruk av MR-kontrast.  Det vert tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. 
MR-kontrast kan ein gi der det er nødvendig å påvise sjukdomtilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.

 

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

Ved Volda sjukehus finn du dei fleste parkeringsplassane på oppsida (nordsida) av sjukehuset. I tillegg er det noko parkeringsareal mellom DPS-et og hovudbygget. 

Det er kostnadsfritt å parkere ved sjukehuset. HC-parkering ved hovudinngangen, akuttmottaket, DPS og BUP. Det er moglegheit for av- og påstiging rett utanfor hovudinngangen.

Parkering ved Volda sjukehus. Oversiktsbilde med markeringar.


 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

For å redusere smitterisikoen for korona og influensavirus er det inntil videre stengt for besøk av søsken på føde/barsel.

Besøkstid for besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Volda sjukehus på telefon 70 05 82 66 i tidsrommet 08:00 - 15:30. 

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Spisestader

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?