-
Før
Førebuing heime
På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du har:
- Pacemaker/ICD, nevrostimulator
- Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
- Operert metall i kroppen ( til dømes klips på blodkar i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
- Tatoveringar
- Er gravid
Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bortfør undersøkinga startar.
Tannprotesar kan gi forstyrringar i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.
Ved undersøkingar av hovudet må ein unngå augesminke, då denne kan innehalde små delar av metall som kanforstyrre bileta.
Skal du undersøke magen må du vanlegvis faste nokre timar på førehand, elles kan duete og drikke som vanleg.
Dersom dutek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.
Om du ammar ber vi om at du kontaktar røntgenavdelinga.Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av,må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkantav undersøkinga.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du kan ringe eller ta kontakt (sjå under for kontaktinformasjon) dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vihar ulike måtar vi kan hjelpe deg på.
Førebuingane varierer ut fråkva som skal undersøkast.
Informasjon om dette vert gitt i innkallingsbrevet du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.
Førebuing på sjukehuset
I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre for å få gode bilete.
-
Under
Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn iei rørforma maskin som er open i begge endar. Avhengig av kva område på kroppen som skal undersøkast ligg du med hovudet eller beina først.Medan fotograferingaforegår høyrer du ein bankelyd i maskina. Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga pågår. Du vil få utdelt øyreproppar ellerøyreklokker som dempar bankelyden, eller du kan høyre på musikk/radio. Ta med eigen CD med musikk om du ønsker det.
Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga går føre seg.
Når bileta verttatt går personalet ut av undersøkingsrommet, men vi ser deg gjennom eit vindauge. Du får også ein alarm i handa som du kan bruke for å få kontakt med personalet. Dei kansnakke med deg via ein mikrofon ellerkome inn i undersøkingsrommet.
Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra.
Skal du undersøke bekkenorgana, kan det vere nødvendigå sette ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte årøre seg ei lita stund. Tarmrørsler kan elles gi forstyrringar i bileta.
Undersøkingstida varierer frå 15minutt til 11/2 time, avhengig av kva område som skal undersøkast og kor mange bilete ein skal ta.
Gjer det vondt?
Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel.
Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi kontrastvæske i ei blodåre i armen for at organ eller blodårer skal kome godt fram på bileta. Forutan eit stikk i armen, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.
-
Etter
Pasientar som har fåttavslappande medikament bør ikkje køyre bil sjølve.Etter at undersøkinga er ferdig, blir bileta vurdert av ein røntgenlege som lagar ein skrifteleg rapport avkva bileta viser. Bileta ograpporten vert lagra i datasystemet vårt.
Resultatet av undersøkinga vert sendt til legen somtilviste deg tilMR-undersøkinga innan ei til to veker.