HELSENORGE
Radiologi Kristiansund

MR-undersøking av galle og bukspyttkjertel (MRCP), Kristiansund

Under ei MR-undersøking ligg den som blir undersøkt i eit svært sterkt magnetfelt samtidig som radiofrekvente bølger blir sendt gjennom kroppen. MR-maskina tar i mot signala, og informasjonen frå desse signala blir brukt til å framstille digitale bilde. Du må halde pusten når du tar MR-undersøking av galle og bukspyttkjertel.

Før

Du skal faste (ikkje ete og ikkje drikke) i fire timar før undersøkinga.

Slik som ved andre MR-undersøkingar skal ein ikkje ha metall på seg ved undersøkinga. Dersom ein har innoperert metall er det ikkje sikkert at ein kan gjennomføre undersøkinga. Dette er avhengig av type og plassering.

Les meir om MR-undersøking Kristiansund

MR-undersøking Kristiansund

 

Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber ingen form for røntgenstråling.

MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjartet, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusiv tarmsystemet.

  1. Før

    På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du:

    • har pacemaker
    • har høyreapparat
    • har klips på blodkar i hovudet
    • har metallsplint i øye
    • er gravid
    • har anna innoperert metall i kroppen og elektronikk
    Sjekkliste: Dette må bli fjerna før undersøkinga:
    • Klokker, bank- og kredittkort. Desse kan bli øydelagt av magnetfeltet.
    • Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan bli trekt inn mot apparatet i stor fart.
    • Høyreapparat. Det kan bli påverka av magnetfeltet.
    • Tannprotesar. Dei kan forstyrre i bileta og lause tannprotesar må bli tatt ut om du skal undersøke hovudet/halsområdet.
    • Augesminke. Den kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.
    Dersom du bruker medisinar kan du ta dei på vanleg måte.
    MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
    I nokre tilfelle må vi sette kontrastvæske i ei blodåre. Da blir eit tynt plastrør (venekanyle) lagt inn i di blodåre. Dersom det er aktuelt å gi deg kontrastvæske i forbindelse med undersøkinga vil det i nokre tilfelle vere behov for å avklare nyrefunksjon ved hjelp av ein blodprøve. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknadar i form av allergiliknande reaksjonar.
    Har du klaustrofobi?
    Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å liggje og/eller trenger hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
    Amming
    Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta MR sjølv om du ammer.

  2. Under

    Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar. Avhengig av kva område på kroppen som skal undersøkast ligg du med hovudet eller beina først.

    Medan fotograferinga foregår høyrer du ein bankelyd i maskina. Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga pågår. Du får øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden, eller du kan høyre på musikk/radio.

    Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga går føre seg.

    Skal du undersøke bekkenorgana, kan det vere nødvendig å sette ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte å røre seg ei lita stund. Tarmrørsler kan elles gi forstyrringar i bileta.

    Undersøkingstida varierer frå 15 minutt til 1 1/2 time, avhengig av kva område som skal undersøkast og kor mange bilete ein skal ta.

    Gjer det vondt?

    Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

    Man kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne følelsen gir seg når undersøkinga er over.

    Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi kontrastvæske i ei blodåre i armen for at organ eller blodårer skal kome godt fram på bileta. Forutan eit stikk i armen, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

  3. Etter

    Er du innlagt på sjukehuset kjem du tilbake til avdelinga. Dersom du har fått kontrastvæske, må du vente til det har gått 30 minutt. Ellers kan du reise hjem når du er ferdig. Har du fått avslappande medikament bør du ikkje køyre bil sjølve.

    Resultatet av undersøkinga
    Bileta blir granska av ein radiolog (overlege) som lager ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt til legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.

Ver merksam

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

For pasientar med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppstå alvorlege biverknader etter bruk av MR- kontrastmiddel.Det blir tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. MR-kontrastmiddel kan ein gi der det er nødvendig å påvise sjukdomtilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.

Dersom det er aktuelt å gi deg kontrast i forbindelse med undersøkinga vil det i nokre tilfelle vere behov for å avklare nyrefunksjon ved hjelp av ein blodprøve. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt.

Gå til MR-undersøking Kristiansund

Avdeling
Radiologi Kristiansund
Stad
Kristiansund sjukehus
Oppmøte

Radiologisk avdeling finn du i plan 0.Gå inn hovudinngangen (plan 1) og ta heis ein etasje ned eller gå inn inngangen ved sjukehusapoteket (plan 0).Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Har du MR-time på kveld eller på laurdag? 

Vennligst bruk inngang F, Akuttmottak etter kl. 21:00 mandag – fredag. Samme inngang skal du bruke laurdager før kl. 08:00. Har du time utenom overnevnte klokkeslett, skal du bruke hovedinngangen til sjukehuset.

Du skal vise fram innkallingsbrevet eller mottat SMS-varsling ved hovedinngangen til ein frå Securitas. Har du fått telefon om timen viser du til denne eller mottatt SMS-varsling.  

Under

Undersøkinga krev at du ligg roleg og klarer å halde pusten.

Etter

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.

  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid

Besøkstida er 14.00-15.00 og 18.00-19.00 alle dagar.  

Endre/avbestille time

Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Kristiansund sjukehus på telefon 71 12 24 50 mandag - fredag i tidsrommet 09:00 - 15:00. 

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–17.30

Laurdag og søndag: stengt

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

Kantina​​​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
  • Helg og høgtid: stengt  

Kiosk

I tillegg har vi kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?