MR-undersøking av galle og bukspyttkjertel (MRCP), Molde

Radiologi Molde

Under ei MR-undersøking ligg den som blir undersøkt i eit svært sterkt magnetfelt samtidig som radiofrekvente bølger blir sendt gjennom kroppen. MR-maskina tar i mot signala, og informasjonen frå desse signala blir brukt til å framstille digitale bilde. Du må halde pusten når du tar MR-undersøking av galle og bukspyttkjertel.

1. Før

Du skal faste (ikkje ete og ikkje drikke) i fire timar før undersøkinga.

Slik som ved andre MR-undersøkingar skal ein ikkje ha metall på seg ved undersøkinga.
Dersom ein har innoperert metall er det ikkje sikkert at ein kan gjennomføre undersøkinga. Dette er avhengig av type og plassering.

Les meir om MR-undersøking Molde

MR-undersøking Molde

MR er ei forkorting for magnetisk resonans. Under ei MR-undersøking ligg den som vert undersøkt i eit svært sterkt magnetfelt og det blir sendt radiofrekvente signal gjennom kroppen. Desse signala nyttar MR- maskina til å lage digitale bilete. Det er inga form for røntgenstråling med ein MR.

 

MR vert nytta i undersøkingar der andre diagnostiske metodar er utilstrekkelege eller som supplement til andre metodar. MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjartet, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusiv tarmsystemet.

 
 
 
  1. Før

    Førebuing heime

    På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du har:

    • Pacemaker/ICD, nevrostimulator
    • Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
    • Operert metall i kroppen ( til dømes klips på blodkar i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
    • Tatoveringar
    • Er gravid

    Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.

    Tannprotesar kan gi forstyrringar i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.

    Ved undersøkingar av hovudet må ein unngå augesminke, då denne kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.

    Skal du undersøke magen må du vanlegvis faste nokre timar på førehand, elles kan du ete og drikke som vanleg.

    Dersom du tek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.

    Om du ammar ber vi om at du kontaktar røntgenavdelinga.
     
    Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

    Har du klaustrofobi?

    Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du kan ringe eller ta kontakt (sjå under for kontaktinformasjon) dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på.

    Førebuingane varierer ut frå kva som skal undersøkast.

    Informasjon om dette vert gitt i innkallingsbrevet du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.

    Førebuing på sjukehuset

    I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre for å få gode bilete.

     

  2. Under

    Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar. Avhengig av kva område på kroppen som skal undersøkast ligg du med hovudet eller beina først.
    Medan fotograferinga foregår høyrer du ein bankelyd i maskina.
    Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga pågår. Du vil få utdelt øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden, eller du kan høyre på musikk/radio. Ta med eigen CD med musikk om du ønsker det.

    Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga går føre seg.

    Når bileta vert tatt går personalet ut av undersøkingsrommet, men vi ser deg gjennom eit vindauge. Du får også ein alarm i handa som du kan bruke for å få kontakt med personalet. Dei kan snakke med deg via ein mikrofon eller kome inn i undersøkingsrommet.

    Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra.

    Skal du undersøke bekkenorgana, kan det vere nødvendig å sette ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte å røre seg ei lita stund. Tarmrørsler kan elles gi forstyrringar i bileta.

    Undersøkingstida varierer frå 20 minutt til ein time, avhengig av kva område som skal undersøkast og kor mange bilete ein skal ta.

    Gjer det vondt?

    Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel.

    Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi kontrastvæske i ei blodåre i armen for at organ eller blodårer skal kome godt fram på bileta. Forutan eit stikk i armen, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

     

     
     

  3. Etter

    Pasientar som har fått avslappande medikament bør ikkje køyre bil sjølve.

    Etter at undersøkinga er ferdig, blir bileta vurdert av ein røntgenlege som lagar ein skrifteleg rapport  av kva bileta viser. Bileta og rapporten vert lagra i datasystemet vårt.

    Resultatet av undersøkinga vert sendt til legen som tilviste deg til MR-undersøkinga innan ei til to veker.  

     
     
     

Ver merksam

MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiske reaksjonar.
Ein kan oppleve å bli heit under undersøkinga. Dette er ikkje vondt. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

For pasientar med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppstå alvorlege biverknader etter bruk av MR- kontrastmiddel.  Det blir tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. 
MR-kontrastmiddel kan ein gi der det er nødvendig å påvise sjukdomtilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.

For alle pasientar som har kjent nedsett nyrefunksjon skal det takast nyrefunksjonsprøver før dei vert tilviste til MR- undersøking.

 

 

Gå til MR-undersøking Molde

Avdeling
Radiologi Molde
Stad
Molde sjukehus
Oppmøte
Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje, austfløya. Bruk inngang A (hovudinngangen).Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

2. Under

Undersøkinga krev at du ligg roleg og klarer å halde pusten.

3. Etter

Kontakt

Radiologi Molde
Oppmøte
Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje, austfløya.
Bruk inngang A (hovudinngangen).
Telefon
71122395
måndag - fredag 09:00 - 15:00
E-post
Postadresse

Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Molde/Kristiansund, seksjon Molde
Helse Møre og Romsdal HF 
Molde sjukehus
6407 Molde

Molde sjukehus
Besøksadresse
Parkveien 84(Google maps)
6407 Molde
Telefon
71120000

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstidene er på dei fleste avdelingene kl. 14:30 - 15:30 og kl. 19:00 - 19:30. Vi vil oppmode besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før pasientbesøket.

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Molde sjukehus på telefon 71 12 23 95 mandag - fredag i tidsrommet 09:00 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag og søndag: 10.00–19.00

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.