Nukleærmedisinsk undersøking (scintigrafi), Ålesund

Radiologi Ålesund

Bildeundersøking med radioaktivt stoff
 
Nukleærmedisin er ein type bildediagnostikk der ein tilfører pasientane radioaktive stoff før bildetakinga. Vanlegvis blir stoffet injisert/sprøyta inn i ei blodåre. Ved nokre spesielle undersøkingar får du ein kapsel som du skal svelgje.

 

1. Før

 

Som regel er det ingen spesielle førebuingar til undersøkinga, men det er avhengig av kva organ som skal undersøkast. Ved nokre få nukleærmedisinske undersøkingar må du faste eller slutte med medisinar som har verknad på undersøkinga. Eksakt informasjon om kva som gjeld deg, får du i innkallingsbrevet.
Inneliggande pasientar får informasjon av sjukepleiar der.

Du kan ikkje ha på deg smykke eller metallgjenstandar som belte eller liknande når du skal inn til undersøkinga. Husk også å tøme lommene for myntar og liknande.

Informasjon til deg som er gravid eller ammar.

Legen gjer ei grundig vurdering før ein avgjer om det er nødvendig å gjennomføre scintigrafi på gravide.

Dei som ammar må som regel stoppe amminga i nokre timar i samband med undersøkinga. I nokre tilfelle kan mjølka pumpast ut, frysast ned og brukast seinare då radioaktiviteten forsvinn etter nokre timar.
Ved nokre tilfelle må ein avslutte amminga heilt.

Ta kontakt med oss dersom du er gravid eller ammar.

2. Under

 

Undersøkinga blir ofte gjennomført i to etappar:

  1. Det radioaktive stoffet blir sprøyta direkte inn i blodet. Stoffet blir konsentrert i dei organa vi skal undersøke (for eksempel i nyrer, skjelett, hjarte etc.) Det kan ta litt tid før organet tek opp stoffet, og derfor er det ofte nødvendig å vente litt før vi tar bilda. Kor lenge vi må vente er avhengig av kva organ som skal undersøkast.
  2. Når vi tar bilda ligg du på ein benk som er kopla til eit gammakamera som registrerer den radioaktive strålinga frå stoffet som er injisert. Vi tar enkeltbilde av bestemte område, bilde av heile kroppen, eller kameraet kan gå rundt kroppen (tomografi/SPECT-CT).

Gjer det vondt?

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv men du må ligge stille under billedtakinga.  Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel.
Forutan eit stikk i arma i samband med innsprøytinga av det radioaktive stoffet, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

Kor lenge varer undersøkinga?

Scintigrafi varierer frå nokre minutt til 1-1,5 time, avhengig av kva organ som skal undersøkast og kor mange bilete ein skal ta. Nokre gonger er det behov for tilleggsbilete. Ved nokre undersøkingar må bileta takast over fleire dagar.

Informasjon om kor lang tid undersøkinga vil ta for deg og om den må gå over fleire dagar, får du i innkallingsbrevet.

3. Etter

 

Etter undersøkinga kan du reise heim, eller tilbake til avdelinga dersom du er innlagt på sjukehuset.

Når får eg resultatet?

Etter undersøkinga blir bileta grundig vurdert av lege. Resultatet er som regel klart etter nokre få dagar. Nokre gonger same dag. Dette er avhengig av type undersøking og kor mykje det hastar.
Vi sender skriftleg rapport til legen som tilviste deg til scintigrafi. Inneliggande pasientar får vanlegvis svar same eller neste dag.

Ver merksam

Vi anbefaler deg å drikke rikeleg, og tisse ofte dei første timane etter at du har fått injisert eit radioaktivt stoff. Det meste av radioaktiviteten vil vere ute av kroppen i løpet av det første døgnet.

Strålebelastninga for nukleærmedisinske undersøkingar til omgivnadane er som oftast ubetydeleg. Ein grei regel er å unngå nærkontakt med gravide og små barn dei første timane etter undersøkinga.

Kontakt

Oppmøte
Avdeling for radiologi  finn du i 2. etasje. Bruk inngangen på nordsida av sjukehuset.
Radiologi Ålesund
Telefon
70105540
måndag - fredag 08:00 - 15:30
E-post
Postadresse

Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Ålesund/Volda, seksjon Ålesund
Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund Sjukehus
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70105000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe:

  • Avdeling for radiologi, Ålesund sjukehus på telefon 70 10 55 40/41 mandag - fredag i tidsrommet 08:00 - 15:30.
  • Nukleærmedisin på telefon 70 10 56 27 eller 70 10 56 00 mandag - fredag i tidsrommet 07:30 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.