Opning av gjensydde eller gjengrodde kjønnslepper, Kristiansund

Gynekologisk poliklinikk Kristiansund

Behandlinga inneber opning av gjensydde eller gjengrodde kjønnsdelar hos kvinner som har vore utsette for omskjæring. Ventar du barn, vil det vere best for deg å opne i god tid før fødsel.

Innleiing

Behandlinga blir gjennomført for å rekonstruere ytre del av underlivet til så tilnærma normal medfødd anatomi som mogleg. Omskorne (lukka) kvinner har ofte store plagar i samband med menstruasjon, det å tisse og å ha samleie.

Vi anbefaler at kvinner som er omskorne tar kontakt eller blir tilvist for å undersøkje og avklare om det er behov for kirurgisk behandling før svangerskapet, i svangerskapet eller under fødsel. Overvaking av fødselsforløp, og sjølve fødselen kan vere meir komplisert hos kvinner som er omskorne. Det beste er å bli opna i god tid før fødsel. Kjønnsleppene blir ikkje sydd igjen etter ein opning i samband med fødsel.

Tidspunkt for opning gradert etter mest hensiktsmessig tidspunkt

  1. Før svangerskapet
  2. Frå 3-6 månad i svangerskapet
  3. Seinare i svangerskapet fram til 38 svangerskapsveke
  4. Under fødsel

Definisjon kvinneleg omskjæring

Kvinneleg omskjæring er ein fellesnemning på ulike gradar av inngrep der ytre og indre kjønnsdelar er fjerna helt eller delvis, eller er påført anna varig skade og som er gjort av andre enn reint medisinske årsakar.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Dersom du er omskoren, kan du be din fastlege, helsesyster eller jordmor om å tilvise deg til poliklinikk ved sjukehus. Du kan også ringe sjølv, du treng inga tilvising.

Det er ikkje nokon fysiske førebuingar før denne behandlinga. Treng du tok, må du gi beskjed om dette på førehand.

2. Under

Inngrepet blir utført av ein gynekolog i samarbeid med ei jordmor / sjukepleiar. Inngrepet blir utført med lokalbedøving i området som skal opnast. Etter lokalbedøvinga er sett, vil inngrepet vere smertefritt.

Det lukka området blir opna med ein liten kniv (skalpell) eller saks. Sårkantane blir sydd på kvar side slik at vevet ikkje gror saman igjen. Du får lokal bedøving og sjølve inngrepet skal ikkje gjere vondt, men dei fleste opplever smerter dei 2-3 første dagane etter inngrepet. Dette blir behandla med smertestillande tablettar. Smertene vil gradvis avta.

3. Etter

Du kan reise heim rett etter inngrepet, og du kan fortsetje med dine vanlege aktivitar.

Det er ikkje anbefalt å vaske seg nedantil den første dagen, berre skylje seg med lunka vatn etter toalettbesøk.

Enkelte vil trengje sjukemelding, det kjem an på kva slags jobb. Du får sjukemelding av legen som utfører inngrepet.

Dei fleste kjenner smerter når bedøvinga går ut. Dette er heilt normalt. Du får resept på smertestillande tablettar, og vi anbefaler at desse blir tatt så fort som mogleg etter inngrepet. Følg brukarrettleiinga på pakken.

Nokre kvinner kan forvente at det å tisse opplevast annleis enn før. Urinen kan komme raskare enn det du er van med, og dette er heilt normalt.

Du skal ikkje ha samleie før 4-6 veker etter inngrepet. Såret treng tid til å gro. Samleie før denne tida vil ofte opplevast som smertefullt, og kan også auke risiko for infeksjon.

Grønsåpebad

Dagen etter inngrepet skal du begynne å ta grønsåpebad.

  • Kjøp medisinsk grønsåpe på apoteket
  • Bland 2 spiseskeiar medisinsk grønsåpe i ei balje / fat med lunka vatn
  • Sit i dette vatnet i ca. 5-7 minutt
  • Ta grønsåpebad 1-2 gonger kvar dag i ei veke

Stinga går bort av seg sjølve 2-3 veker etter inngrepet.

Ver merksam

Det er ein liten risiko for infeksjon i såret. Dersom du opplever aukande smerter i underlivet og / eller feber dei første dagane etter inngrepet, skal du ta kontakt med sjukehuset.

Kontakt

Gynekologisk poliklinikk Kristiansund
Telefon
71121820
Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71120000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag: 10.00–17.00

Søndag: 12.00–19.00

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.