Personalet du møter ved undersøkinga er lege og sjukepleiar.
Undersøkinga blir gjort i vaken tilstand. Du får innlagt ei venekanyle i ei blodåre i armen slik at du kan få smertestillande og beroligande medisinar gjennom den. Ein tynn elektrode blir lagt gjennom nasen til spiserøyret. Gjennom elektroden blir hjartet stimulert med små strømimpulsar, dette kan du merke som hjartebank eller ekstraslag. I tillegg kan du merke lett svie/ubehag bak brystbeinet i halsen. Dersom du synes det er smertefullt eller ubehageleg, må du gi beskjed og du kan eventuelt får meir smertestillande/beroligande medisin.
Ved rytmeendringar kan vi stoppe desse med ny stimulering. Ofte vil vi starte og stoppe anfalla fleira gonger for å få gode registreringar. Av og til må ein gi eit stresshormon (isoprenalin) intravenøst for å få utløst anfallet, og dette vil du merke som hjartebank. Det kan bli aktuelt å teste kva slags medisin som er effektiv mot anfallet.