Kostnadar og refusjon av utgifter

Refusjon av utgifter til reise, kost og overnatting for pasient.

Kursutgifter
Eigendelen for deltaking i kursprogram på minst 7 timar, er kr. 345,-  for pasient og fell inn under Eigendelstak 1, som for 2017 er kr.2205,-. Pårørande betaler ikkje eigendel. Barn under 16 år og foreldre som deltek på foreldrekurs, skal heller ikkje betale eigendel. Deltakarar kan pårekne å måtte betale noko for lunsj.

Alle eigendelar bli automatisk registrerte i grunnlaget for frikort, også eigendelar for reise med rekvisisjon. Ved manglande oppmøte på kurs/gruppe, vil ein bli belasta med dobbel eigendel om ein ikkje melder frå. Eigendelen tel då ikkje inn i opptening til frikort.

Refusjon av utgifter til reise, kost og overnatting for pasient
Hovudregelen for reiserefusjon er at ein må ha ein reiseveg på meir enn 10 km ein veg og betale meir enn minste lokaltakst med offentleg transport. Ein får då dekt ein standardsats på kr. 2,30,- pr.km, same kva for eit transportmiddel ein brukar.

Eigendelen for reiseutgifter er kr. 146,- kvar veg pr. 2017 og kjem inn under eigendelstak 1. Dersom du brukar fritt sjukehusval, er satsen kr. 400,- kvar veg.

Kost
Ein kan få dekt kostutgifter dersom ein må vere borte frå heimen i 12 timar eller meir, med kr. 215,- pr. døgn pr. 2017.

Overnatting
Ein kan få dekt utgifter til overnatting med inntil kr. 550 pr. døgn pr. 2017 når det er nødvendig for å rekke å delta eller kunne delta ved kurs/ behandling over to eller fleire dagar og når utgiftene samla sett blir lågare enn om pasienten vel å reise fram og tilbake til bustad/opphaldsstad mellom kvar kursdag.

Refusjon av utgifter til reise, kost og overnatting for pårørande
Reglane om utgiftsdekning for reise og opphald gjeld også pårørande som blir tilviste til kurs/opplæring i regi av spesialisthelsetenesta. Dersom pårørande må ha permisjon frå arbeid, kan dei eventuelt søke arbeidsgivar om velferdspermisjon. Sjå elles avsnitt om opplæringspengar.

Særskilte reglar når pårørande er nødvendig reisefølgje
Pårørande som deltek som nødvendig reisefølgje, skal ikkje betale eigendel for reise. Når pårørande deltek som nødvendig reisefølgje i samband med opplæring i regi av spesialisthelsetenesta, kan dei få arbeidsgodtgjersle med kr. 125 pr. time i inntil 8 timar pr. døgn pr. 2017 om dei dokumenterer tapt arbeidsforteneste. Det finst også nokre særskilde unntaksreglar om ein liten kompensasjon når tapt arbeidsforteneste ikkje kan dokumenterast.

Pårørande som er naudsynt reisefølgje, må hugse å fylle ut både feltet med opplysningar om kva pasientopplæringa gjeld (Felt 1.1), og om seg sjølv (Felt 2.8 og 2.9).

Reisefølgje kan søke refusjon på same reiserekningsskjemaet som pasienten; svar blir då sendt pasienten. Dersom pårørande krev godtgjersle for tapt arbeidsforteneste, må dokumentasjon frå arbeidsgivar leggast ved.

Elektronisk søknad og /eller reiserekningsskjema

Pasientar som deltek på kurs kan no nytte elektronisk registrering av reiseutgifter ved å logge inn på «Min helse» på den nasjonale helseportalen helsenorge.no. Det gjeld førebels ikkje for pårørande som deltek på kurs, men endringar vil kome fortløpande.

Barn, unge og foreldre/føresette som deltek på kurs i regi av BUP, kan heller ikkje nytte elektronisk søknad. Desse og andre  pårørande må nytte papirskjema når dei sjølv ordnar og betaler for reise, og sende det inn til Pasientreiser ANS.

Pasientar kan sjølv velje mellom dei to løysingane. Ynskjer ein å nytte papirskjema må ein bruke reiserekningsskjema gjeldande frå 1.oktober 2016. Skjema er tilgjengeleg på kurstaden, hos behandlar eller på helsenoreg.no.

Kravet må fremjast innan 6 månader. Kursansvarleg avdeling skal sørgje for oppmøtestadfesting for dei som treng det.

Eigendel blir registrert automatisk i grunnlaget for frikort når kravet er behandla. Kravet må sendast innan 6 månader etter at reisa er gjennomført. Legg ved alle kvitteringar for tilleggsutgifter i samband med reise og eventuelt opphald (Felt 2.4).
 
Pårørande som er nødvendig reisefølgje, må hugse å fylle ut både feltet med opplysningar om kva pasient opplæringa gjeld (rubrikk 1) - og om seg sjølv (rubrikk 2). Reisefølgje kan søkje refusjon på same reiserekningsskjemaet som pasienten; svar blir då sendt til pasienten. Viss pårørande krev godtgjersle for tapt arbeidsforteneste, må dokumentasjon frå arbeidsgivar leggjast ved. 

Opplæringspengar
I familiar som har barn med funksjonshemming eller langvarig sjukdom, blir det gitt opplæringspengar når foreldre/føresette deltek i opplæring ved godkjend helseinstitusjon. Det er ein føresetnad at opplæringa er nødvendig for at omsorgspersonen skal kunne ta seg av barnet. Les meir om opplæringspengar i folketrygdlova.