Prikktest

ved allergiutgreiing, Hudpoliklinikken Ålesund

Ein prikktest kan bidra til å avklare om du er allergisk for ulike stoff. Den kan vise om det blir ein reaksjon i huda når det vert lagt på ulike dråpar som inneheld stoff som folk ofte reagerer på. Eksempelvis egg, mjølk, bjørk og gras.

1. Før

Ved prikketest skal du ikkje ha brukt antihistaminer dei siste 72 timane før testen. Eksempel på  slike medisinar kan vere: Cetirizin, Aerius, Xyzal, Zyrtec, Phenamin og Loratadin.

Dersom du bruker astmamedisinar skal desse brukast som vanleg, også på undersøkingsdagen.

 

2. Under

Prikktesten vert utført på underarma si innside. Ein dråpe av dei aktuelle stoffa som du kan reagere på, vert lagt med 1-2 cm mellomrom på huda. Etter at dråpane er på plass vert det gjort eit lite stikk gjennom kvar dråpe og ned i huda. Dette er ikkje vondt og det er sjeldan at det kjem blod, då stikket er heilt overfladisk.

Dråpane blir fjerna med eit papir og etter 15 minutt kan vi lese av testen. Dersom du reagerer på nokon av stoffa kan det bli lest av på huda di ved at det blir ei kvitaktig blemme med litt raudheit rundt. Det kan klø litt også.

 

3. Etter

Eventuelle blemmer, raudheit og kløe frå dei ulike dråpane forsvinn oftast etter 1-2 timar. Dette er noko avhengig av reaksjonen i huda. Dersom det klør mykje kan vi smørje på litt krem som dempar dette.

 

Kontakt

Hudpoliklinikken Ålesund

Telefon
Ekspedisjon: 70 10 54 50 , Lysbehandlingseininga: 70 10 54 53 , fax: 70 10 54 51
måndag08:00 - 15:30
tysdag08:00 - 15:30
onsdag08:00 - 15:30
torsdag08:00 - 15:30
fredag08:00 - 15:30
70 10 54 50 er stengd mellom 11:30 - 14:00.
E-post