Psykoselidingar hos barn og ungdom, Ålesund

Behandlingsprogram,

Ved psykoselidingar hos barn og unge kan både utgreiing og behandling vere omfattande og langvarig. Skiljet mellom utgreiing og behandling kan ha ein glidande overgang. Barn endrar seg over tid, og symptom endrar seg både med  alderen til barnet, men også uavhengig av den. Forsking viser at både samtalebehandling, medikamentell behandling og familiearbeid er nødvendig for å gi eit best mogleg resultat.

Innleiing

Tilvising og vurdering

Det er lege, psykolog eller barnevernsleiar som kan tilvise til Psykisk helsevern for barn og unge (BUP). Tilvisingsskjemaet kan lastast ned her (pdf).

Spesialisthelsetenesta vil på bakgrunn i prioriteringsveilederen - psykisk helsevern for barn og unge avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Tilvisinga skal vurderast innan 10 arbeidsdagar. Maksimumsfrist for inntak er 2 veker.

Alle tilvisingane skal som hovudregel bli vurdert i poliklinikk, men dersom innlegging blir vurdert som nødvendig bør pasienten leggast inn som øyeblikkeleg hjelp.

Alle henvendingar om øyeblikkeleg hjelp bør skje gjennom fastlege eller via legevakta.

På kvardagar mellom kl 08.00 og kl 15.30, kan du eventuelt ta direkte kontakt med akutteininga ved BUP poliklinikk.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Viktig ved tilvising for psykose er:

•  Anamnese på aktuelle symptom/åtferdsendringar og prodromalsymptom.

•  Somatisk og mental status, rusmiddelbruk, utvikling i skule, heim og fritid.

• Eventuelle belastande livshendingar, omsorgssituasjon, tidligare tiltak.

Psykotiske symptom omfattar vrangførestillingar (herunder forfølgingsidèar),
hallusinasjonar (for hørsel, syn, lukt, smak eller fysisk kontakt), oppleving av tankepåverknad,
tankeavbrot/-innfall (med neologismar, usamanhengande eller irrelevant tale),
avflating av kjensler, katatoni (som eksitasjon, negativisme, mutisme eller stupor).

Psykose kan debutere akutt med dramatiske åtferdsendringar, eller gradvis med utvikling av
merkelege idèar og rar oppførsel. Psykose kan ha ein prodromalfase over fleire
månadar med redusert interesse for skule, arbeid, sosiale aktivitetar, utsjåande og hygiene, i
kombinasjon med generell angst, lett depresjon og forvirring.

1. Utgreiing

Når tilvisinga er vurdert og det blir gitt rett til nødvendig helsehjelp, vil barnet/ungdomen bli kalla inn til ein inntakssamtale.

Det er svært viktig å gjere ei god utgreiing ved psykotiske symptom hos barn og ungdom, men ofte vanskeleg å diagnostisere ei psykoseliding dersom den er i startfasen. Unøyaktig diagnostisering kan føre til mangelfull behandling.

Det er spesielle utfordringar ved psykoseutgreiing av barn og ungdom. Symptom må til ei kvar tid bli sett i samanheng med kva for utviklingsnivå/evnenivå barnet har.

I mange tilfelle vil det vere aktuelt og nødvendig å setje i verk behandlingstiltak for å stabilisere pasienten sitt symptombilete og fungering, samtidig som ein gjennomfører ei kartlegging og utgreiing.

Utgreiingsplan som inneheld oversikt over planlagde utgreiingstiltak, blir utarbeidd på bakgrunn av tilvising og inntakssamtale i samarbeid med pasient og føresette.

Utgreiing vil som oftast skje poliklinisk og inneheld utviklingsintervju, ulike kartleggingsverktøy og kroppsleg (somatisk) undersøking.

Etter at utgreiinga er gjennomført skal ein utføre ei diagnostisk vurdering.

2. Behandling

Det primære målet med behandling av psykoselidingar er å oppnå at symptoma minkar og at funksjonen blir betre, og at dette skal fortsette. Ved behandling av psykoselidingar hos barn og ungdom, er det viktig å formidle håp, ha merksemda retta mot meistringsområde og ressursar, og ta omsyn til generelle forhold ved psykose i kombinasjon med individuelle behov.

Behandlingsplan blir utarbeidd på grunnlag av konklusjonen etter diagnostisk vurdering og inneheld ein kort gjennomgang av utgreiing, konklusjon og forslag til tiltak. Planen blir drøfta i samråd med pasient/føresett.

Behandlinga vil som oftast innehalde:

  • Samtalebehandling med mål om tilfrisking, symptombetring, funksjonsbetring og meistring av symptom.

Både barnet/ungdomen og foreldra blir sett på som brukar og skal i stor utstrekning involverast i utgreiings- og behandlingsprosessen. Det er viktig at den unge tar del i og blir  gjort ansvarleg i forhold til eigen behandling i den utstrekning han/ho orkar.

  • Medikamentell behandling dersom symptom er over terskel for psykose.
  • Tilrettelegging av kvardagen med fokus på meistring og utvikling innanfor barnet sitt meistringsnivå og kapasitet til utfordringar. Dette vert gjort i tett samarbeid med familie og nære omsorgspersonar.
  • Kunnskapsbasert familiesamarbeid – inkludert psykoedukasjon, utvikling av kommunikasjonsferdigheiter, meistringsstrategiar og problemløysing.
  • Tilrettelegging på skule.
  • Tett kontakt med primærhelsetenesta; skule, fastlege, kommunale tenester.

3. Oppfølging

Ungdom som har eller har hatt psykose vil som oftast ha behov for omfattande og langvarig oppfølging frå mange ulike instansar. Derfor bør det bli utarbeidd ein individuell plan og opprettast ansvarsgruppe. Vi skal derfor ta initiativ til at slik plan blir laga og koordinator i kommunen blir oppnemnt, dersom det ikkje allereie eksisterer.

Før avslutting hos BUP er det viktig å starte eit samarbeid med aktuelle samarbeidspartnerar i kommunen som skulen, helsesøster, fastlege, psykiatritenesta, barne- og familietenesta, pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og andre kommunale instansar.

Psykisk helsevern for barn og unge (BUP) avsluttar saker som hovudregel når ungdomen er 18 år. Dersom ungdomen blir vurdert til å ha behov for vidare behandling/oppfølging utover fylte 18 år, kan det vere aktuelt å overføre saka til psykisk helsevern for vaksne.

Epikrise skal sendast til tilvisande instans innan 7 arbeidsdagar etter avslutting.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Kontakt