Når tilvisinga er vurdert og det blir gitt rett til nødvendig helsehjelp, vil barnet/ungdomen bli kalla inn til ein inntakssamtale.
Det er svært viktig å gjere ei god utgreiing ved psykotiske symptom hos barn og ungdom, men ofte vanskeleg å diagnostisere ei psykoseliding dersom den er i startfasen. Unøyaktig diagnostisering kan føre til mangelfull behandling.
Det er spesielle utfordringar ved psykoseutgreiing av barn og ungdom. Symptom må til ei kvar tid bli sett i samanheng med kva for utviklingsnivå/evnenivå barnet har.
I mange tilfelle vil det vere aktuelt og nødvendig å setje i verk behandlingstiltak for å stabilisere pasienten sitt symptombilete og fungering, samtidig som ein gjennomfører ei kartlegging og utgreiing.
Utgreiingsplan som inneheld oversikt over planlagde utgreiingstiltak, blir utarbeidd på bakgrunn av tilvising og inntakssamtale i samarbeid med pasient og føresette.
Utgreiing vil som oftast skje poliklinisk og inneheld utviklingsintervju, ulike kartleggingsverktøy og kroppsleg (somatisk) undersøking.
Etter at utgreiinga er gjennomført skal ein utføre ei diagnostisk vurdering.