Rehabilitering - Førarkortvurdering etter erverva hjerneskade

Poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering Ålesund

Av ulike helsemessige årsaker kan ein miste retten til å køyre bil midlertidig eller for alltid.

Innleiing

Dei fleste som har fått ei hjerneskade på grunn av ulykke, hjerneslag eller liknande, opplev nedsett funksjon. Kva område som er ramma og kor stor skaden er, avgjer når det er aktuelt å vurdere om du fyller helsekrava for å ha førarkort.

Medisinske forhold

Medisinsk forhold som er viktige å kontrollere: synsvanskar, epilepsi, ulike medisinar ein brukar eller motoriske vanskar.

Kognitive vanskar kan også verke inn på evna til å køyre bil, for eksempel: redusert merksemd, vanskar med å gjere fleire ting på ein gong eller nedsett reaksjonsevne. Nokre kan også ha endra personlegheit etter hjerneskaden; at ein blir meir impulsiv eller har redusert innsikt i eigen måte å fungere på. I desse tilfella er  førarkortvurdering  aktuelt, anten du har midlertidig køyreforbod eller har fått førarkortet inndrege.

Personer med erverva hjerneskade skal sikrast ei fagleg vurdering for til førerkort.

Helsekrav for førerkort har heimel i lova "Førerkortforskriften", og er skildra ytterlegare i Helsedirektoratet sin rettleiar for førerkortsaker.

Tilvising og vurdering

Tidspunkt for førarkortvurdering skal avtalast etter at primærrehabilitering er avslutta, eller etter søknad frå fastlege. Før ein gjer ei slik vurdering må medisinske forhold vedrørande syn og epilepsi vere avklart.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Søknaden blir vurdert av førarkortteamet som avklarer ulike medisinske forhold som er viktige for vurderinga. Du får brev med eventuell innkalling til førarkortvurdering.

2. Under

Dei fleste førarkortvurderingar blir gjort som poliklinisk konsultasjon.

I ei førarkortvurdering må vi undersøke prosessar i hjerna som kan vere påverka av skade/sjukdom og som kan verke inn på trafikktryggleik.

Eksempel på slike funksjonar er:

  • Merksemd, reaksjonsevne, evne til å gjere raske vurderingar, rom og retningssans
  • Andre medisinsk forhold
  • Behov for tilpassing av bilen pga. redusert førlegheit i armar og/eller bein

Ved behov for praktisk køyreprøve går saka til Fylkesmannen v/fylkeslegen. Praktisk køyreprøve er ein tilleggsundersøking, der du køyrer med ein køyrelærer frå trafikkskule eller frå vegvesenet sin trafikkstasjon.

3. Etter

Dersom det er konkludert med at du oppfyller helsekrava, og du har levert frå deg førarkortet, kan du få rettleiing i korleis du går fram for å sende søknad til Fylkeslegen ved Fylkesmannen for å få førarkortet ditt tilbake. Dersom du har hatt køyrekarens, men har fått behalde førarkortet kan du begynne å køyre igjen.

Dersom det er konkludert med at du ikkje oppfyller helsekrava, blir det sendt melding til Fylkeslegen som tar endeleg avgjer om innlevering av førarkortet.

Kontakt

Fysikalsk medisinsk poliklinikk
Telefon
70105751
måndag - fredag 08:00 - 15:30
Telefonen er stengd mellom 11:30 - 14:00 kvar dag
E-post
Postadresse
Helse Møre og Romsdal
Ålesund sjukehus
Avd. for fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.