Rehabilitering - Tidlegrehabilitering etter erverva hjerneskade

Behandlingsprogram, Fysikalsk medisinsk sengepost Ålesund

Når du reknast som medisinsk stabil etter eit hjerneslag eller annan traumatisk hjerneskade, kan du bli overført til tidlegrehabilitering dersom du fyller inntakskriteria.

 

Innleiing

Generelt om sjukdommen

Erverva hjerneskade kan vere traumatiske hjerneskadar som følgje av trafikkskade, fallskade, vald med meir, og ikkje-traumatiske skadar som følgje av hjernebløding, forgifting, hjernesvulst, oksygenmangel ved drukningsulykker, kveling med meir.

Hjerneskadar kan vere lette, moderate eller alvorlege, og kan få store konsekvensar for
rehabiliterings- og læringspotensialet. Erverva hjerneskade gjeld alt frå lette skadar som ofte ikkje synes å få merkbare følgjer, til alvorlege hjerneskadar.

Hjerneslag

Hjerneslag er ei plutselig skade på hjerna på grunn av forstyrringar i hjerna sin blodtilførsel. I 85 - 90 prosent av tilfella skuldast slaget eit hjerneinfarkt på grunn av at ein blodpropp tilstoppar ei blodåre i hjerna. 10 - 15 prosent skuldast ei hjernebløding – at ei blodåre i hjerna sprekk. Dei ulike områda i hjerna  ivaretek forskjellige oppgåver, og derfor vil følgene etter slaget avhenge av kvar i hjerna blodproppa eller blødinga sit.

Traumatisk hjerneskade (Traumatic Brain Injury, TBI)

Traumatisk hjerneskade (Traumatic Brain Injury, TBI) oppstår når hjernevevet blir skada av ytre krefter. TBI er ei erverva hjerneskade, dvs. ein brått oppstått tilstand i motsetning til ei medfødt skade. Traumatisk hjerneskade er den vanligaste årsaka til hjerneskade blant yngre vaksne.

 

Tidlegrehabilitering

Vi gir tverrfagleg spesialisert rehabilitering til pasientar med kognitiv dysfunksjon/samansette problem etter erverva hjerneskade. Fokuset for tidlegrehabilitering er å bidra/hjelpe til auka funksjonsnivå, eigenomsorg og moglegheit for deltaking i tidlegare aktivitetar.

Kvar enkelt søknad om rehabiliteringsopphald blir vurdert ut i frå kva nytte ein forventar at det tverrfaglege rehabiliteringstibodet kan gi.

Tilvising og vurdering

Tilvising kjem i hovudsak frå andre avdelingar på sjukehus. Søknadane blir vurdert fortløpande.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Utgreiing

Når du er medisinsk stabil og klar for rehabilitering rett etter akuttfasen, vurderer vi fortløpande tidspunkt for overflytting. Dette gjer vi i tett dialog med avdelinga som tilviser deg.

2. Behandling

Behandling og opplæring blir gjennomført i trygge og tilrettelagte omgivnader. Målet er å auke dei ferdigheitene som trengs for at du skal bli mest mogleg sjølvhjelpt, at du skal bli mest mogleg uavhengig og sett i stand til å meistre ditt eige liv. Lengda på tidlegrehabiliteringsopphald varierer, men er vanlegvis ikkje lenger enn 3 månader.

Ved innlegging møter du det tverrfaglege teamet som skal støtte deg i rehabiliteringsprosessen. Det blir gjennomført ei kartlegging av helsetilstanden din, og saman med deg og evt dine pårørande blir det sett mål for opphaldet og vi lagar ein ein rehabilteringsringsplan.

Du har eiga primærkontakt under opphaldet. Denne har eit spesielt ansvar for å koordinere det som skjer medan du er innlagt.

I tidligrehabiliteringa tilstreber vi ein balanse mellom å hjelpe deg med å dekke grunnleggande behov, og hjelpe deg med å bli mest mogleg sjølvhjelpt. Derfor vil mange daglegdagse oppgåver som for eksempel personleg stell og matlaging vere ein viktig del av treninga.

Ein del av den tverrfaglege oppfølginga vil også vere å sikre deg rette hjelpemiddel, tilpassing av heimen din og hjelpe deg med å søke på aktuelle stønader. Vi tar tidleg kontakt med heimkommunen din for å planlegge både permisjonar og utskrivning. Dette er viktig, sidan du kan ha behov for hjelp frå heimetenesta når du kjem heim.

Medverknad står sentralt i rehabiliteringa og vi baserere tenestene våre på samhandling mellom deg spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta.

3. Oppfølging

Vi gjennomfører ei sluttkartlegging når opphaldet nærmar seg slutten, og vi sender ein tverrfagleg rapport til dei samarbeidspartane som du og vi blir eininge om. Fastlegen får eigen rapport i tillegg.

Når du blir utskriven vurderer vi om du skal ha vidare oppfølging av vår avdeling.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Kontakt

Fysikalsk medisinsk sengepost Ålesund
Telefon
70 10 57 30 og 70 10 57 32
E-post
Postadresse

Søknadar om spesialisert rehabilitering skal sendast til sekretariatet for Felles Inntaksnemnd ved Avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund:

Helse Møre og Romsdal
Ålesund sjukehus
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering
Felles inntaksnemnd
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstider

Besøkstida vår: kl. 16:00 - 20:00

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Måltid

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30

Måltid

Buffét med brødmat og pålegg er tilgjengelig heile døgnet.
Dei som treng det, får mat på rommet.

Lunsj:       kl 12:00
Middag:   kl 16:00

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.