Behandling og opplæring blir gjennomført i trygge og tilrettelagte omgivnader. Målet er å auke dei ferdigheitene som trengs for at du skal bli mest mogleg sjølvhjelpt, at du skal bli mest mogleg uavhengig og sett i stand til å meistre ditt eige liv. Lengda på tidlegrehabiliteringsopphald varierer, men er vanlegvis ikkje lenger enn 3 månader.
Ved innlegging møter du det tverrfaglege teamet som skal støtte deg i rehabiliteringsprosessen. Det blir gjennomført ei kartlegging av helsetilstanden din, og saman med deg og evt dine pårørande blir det sett mål for opphaldet og vi lagar ein ein rehabilteringsringsplan.
Du har eiga primærkontakt under opphaldet. Denne har eit spesielt ansvar for å koordinere det som skjer medan du er innlagt.
I tidligrehabiliteringa tilstreber vi ein balanse mellom å hjelpe deg med å dekke grunnleggande behov, og hjelpe deg med å bli mest mogleg sjølvhjelpt. Derfor vil mange daglegdagse oppgåver som for eksempel personleg stell og matlaging vere ein viktig del av treninga.
Ein del av den tverrfaglege oppfølginga vil også vere å sikre deg rette hjelpemiddel, tilpassing av heimen din og hjelpe deg med å søke på aktuelle stønader. Vi tar tidleg kontakt med heimkommunen din for å planlegge både permisjonar og utskrivning. Dette er viktig, sidan du kan ha behov for hjelp frå heimetenesta når du kjem heim.
Medverknad står sentralt i rehabiliteringa og vi baserere tenestene våre på samhandling mellom deg spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta.