Røntgen av lungene, Molde

Radiologi Molde
Røntgen Thorax

 

Røntgen thorax viser bilete av lungene, hjartet, ribbein, hovudpulsåra og midtre del av brystet (mediastinum).

Innleiing

Røntgen thorax er den røntgenundersøkinga som vert utført oftast.

Vi tek i mot drop in på røntgen av lungene alle kvardagar frå kl 09:00 - 11:00 og 12:30 - 14:30.

 

 

Tilvising og vurdering

Tilvising blir sendt frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.



Sikre rett bruk av røntgenundersøkingar

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Graviditet og røntgen

 

Filmen viser konkrete eksempel på vurderingar av røntgenundersøkingar ved graviditet. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern. 

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

 

  • Merk tilvisinga om det er Drop In, akutt hjelp eller om pasienten skal innkallast til time.
    Vi treng å vite kva som er avtalt med pasienten.

    Vi tek i mot drop in på lunge og skjelettundersøkingar alle kvardagar frå kl 09:00 - 11:00 og 12:30 - 14:30.
    Det må bestillast time for undersøking med ultralyd, CT og MR.

  • Ved akutt hjelp skal ein alltid sende med pasienten papirtilvising i tillegg til elektronisk tilvising.
  • Merk tilvisinga med "grad av hast".
  • Er pasienten gravid må ein opplyse om det. 
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi dette i tilvisinga. Samt kva språk pasienten snakkar. Tolken kan ikkje vere gravid.
  • Tilvisinga må innehalde:
    - gode kliniske opplysingar
    - kort og presis beskriving av problemstillinga - kva ein ønsker undersøkt

     

1. Før

Undersøkinga krev inga førebuing.

2. Under

Før undersøkinga blir ein bedt om å kle av seg på overkroppen og fjerne smykke. Du må ta av deg BH-en, men kan eventuelt ha på ei tettsittande trøye. Dersom du har langt hår må det settast opp/samlast på hovudet.

Som regel vert det tatt to bilete, fortrinnsvis ståande. Du blir bedt om å puste djupt og halde pusten inne medan bilete blir tatt. Ein må stå heilt stille. Enkelte problemstillingar gjer det nødvendig å ta tilleggsbilete.

Undersøkinga tek nokre minutt og er heilt smertefri.

3. Etter

Undersøkinga krev inga spesiell oppfølging.

Resultat av undersøkinga.

Bileta vert granska av ein røntgenlege som lager ein rapport om kva bileta viser.
Innan ei veke blir rapporten sendt til legen som tilviste deg.

 


Ved akutte tilstandar får du eit foreløpig svar like etter undersøkinga.
Andre får ikkje resultat med ein gong.

Ver merksam

Undersøkinga medfører ingen komplikasjonar.

Kontakt

Oppmøte
Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje, austfløya.

Bruk inngang A (hovudinngangen).

Ta kontakt med ekspedisjonen ved frammøte.

Radiologi Molde
Telefon
71 12 23 95
måndag - fredag 09:00 - 15:00
E-post
Postadresse

Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Molde/Kristiansund, seksjon Molde
Helse Møre og Romsdal HF 
Molde sjukehus
6407 Molde

Praktisk informasjon

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstidene er på dei fleste avdelingene kl. 14:30 - 15:30 og kl. 19:00 - 19:30. Vi vil oppmode besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før pasientbesøket.

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Molde sjukehus på telefon 71 12 23 95 mandag - fredag i tidsrommet 09:00 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.