Radiologi Ålesund

Røntgen av skjelett, Ålesund

Røntgen av skjelettet gir ein fremstilling av ein eller fleire knoklar eller ledd.
 


 

Innleiing

Vi tar skjelettundersøkingar for å avklare om det er skade eller sjukdom i og/eller rundt beinvev.

Skjelettundersøkingar er også ofte kontrollar på innopererte protesar, gamle brudd eller tidlegare forandringar.

Tilvising og vurdering

Tilvising av lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.



Sikre rett bruk av røntgenundersøkingar

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Graviditet og røntgen

 

Filmen viser konkrete eksempel på vurderingar av røntgenundersøkingar ved graviditet. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Merk tilvisinga om det er Drop In, akutt hjelp eller om pasienten skal innkallast til time.
    Vi treng å vite kva som er avtalt med pasienten.
  • Ved akutt hjelp skal ein alltid sende med pasienten papirtilvising i tillegg til elektronisk tilvising.
  • Merk tilvisinga med "grad av hast".
  • Er pasienten gravid må ein opplyse om det. 
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi dette i tilvisinga. Samt kva språk pasienten snakkar. Tolken kan ikkje vere gravid.
  • Tilvisinga må innehalde:
    - gode kliniske opplysingar
    - kort og presis beskriving av problemstillinga - kva ein ønsker undersøkt

Før

Røntgenundersøking av skjelettet krev inga førebuing. Det er nokre unntak som kan kreve tømming av tarmen. Dette kan variere fra kor på kroppen du blir undersøkt. Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga vert sendt til deg ved innkalling eller gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.

Dersom du er gravid eller har mistanke om dette, ta kontakt med røntgenavdelinga i god tid før undersøkinga.

Under

Tidsperspektiv: 5 - 20 minutt

Vi tek som oftast minst to bilete av kvar kroppsdel, for å framstille skjelettet frå ulike vinklar. Nokre ganger kan det bli fleire bilete, avhengig av problemstilling.

Du må ta vekk gjenstander som inneheld metall, som belter og smykker.

Under sjølve bilettakinga er det viktig å holde deg heilt i ro. Enkelte ganger skal du holde pusten.

Undersøkinga varer frå 3 til 20 minutt.

Etter

Undersøkelsen krever ingen spesiell oppfølging. Ein røntgenlege beskriver biletane og henvisande lege får resultatet tilsendt.

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. 

Betalingsalternativ ved ankomst:  

  • Kontant betaling per time
  • Betaling med kort. Vel P-tid med god margin ved ankomst. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte betalinga ved å sette inn kortet igjen
  • Betaling med appen EasyPark

 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe:

  • Avdeling for radiologi, Ålesund sjukehus på telefon 70 10 55 40 70 10 55 41  mandag - fredag i tidsrommet 08:00 - 15:30.
  • Nukleærmedisin på telefon 70 10 56 27  mandag - fredag i tidsrommet 07:30 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina

På grunn av koronapandemien er kantina for tida kun open for tilsette i Helse Møre og Romsdal.

Kantina finn du i 1. etasje.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?