Når du vert undersøkt sit/står du framfor eit røntgenapparat eller ligg på ein undersøkingsbenk med røntgenapparatet over eller under deg.
Du må kle av deg i det området som skal undersøkast. Spesielt klede som inneheld metall er viktig å ta av.
Ved innstilling og under sjølve bilettakinga må kroppsdelen vi undersøker vere heilt i ro. Vi tek som oftast minst to bilete av kvar kroppsdel, for å framstille skjelettet frå ulike vinklar.
Bilettakinga gjer i hovudsak ikkje vondt. Dersom du har smerter i den aktuelle kroppsdelen på grunn av ein skade, kan det vere vondt å halde den stillinga som radiografen treng for å ta eit godt bilete.
Undersøkinga varer frå fem til 20 minutt, avhengig av kva som skal undersøkast.