Røntgenmerking, Ålesund

Brystdiagnostisk senter (BDS)

Ved mistanke om brystkreft, der kulen ikkje kan kjennast, kan det vere behov for røntgenmerking. Svulsten blir merka med ein tynn ståltråd for å finne området som skal fjernast under operasjonen.

 

Tilvising og vurdering

 

Kirurg tilviser til utgreiing.

 

1. Før

 

Undersøkinga krev ingen førebuing.

 

2. Under

 

Du ligg/sit på ein benk mens radiologen set inn ståltråden ved hjelp av ultralydrettleiing eller røntgenrettleiing.
Du vil kjenne eit stikk i huda idet ståltråden blir sett på plass. Den blir teipa godt fast på huda og du bør bevege deg forsiktig etter at prosedyren er utført. Sjølv om strengen er festa kan den ramle ut ved store armbevegelsar.

Vi tar mammografi for å kontrollere at ståltrådane er plassert rett.

 

3. Etter

 

Det er ingen spesielle observasjonar eller restriksjonar etter at ståltråden er teipa på plass.

 

Kontakt

Oppmøte
Brystdiagnostisk senter (BDS) ligg i 2. etasje. Bruk inngangen på nordsida av sjukehuset.

Brystdiagnostisk senter (BDS) Ålesund

Telefon
70 10 57 00 eller 70 10 57 01
måndag08:00 - 15:30
tysdag08:00 - 15:30
onsdag08:00 - 15:30
torsdag08:00 - 15:30
fredag08:00 - 15:30
.
Postadresse
BDS, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Endre/avbestille time

Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe brystdiagnostisk senter på telefon 70 10 56 27 eller 70 10 56 00 mandag - fredag i tidsrommet 08:30 - 10:30 og 12:00 - 13:00. 

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.