Rusbehandling TSB poliklinikk Ålesund

Rusavhengigheit poliklinisk behandling, Ålesund BS

Poliklinisk behandling inneber utgreiing, vurdering og behandling av avhengigheit til rusmidler, legemideler og spel, utan innlegging. Tilbodet består av individuelle samtalar og gruppebehandling.

Innleiing

Poliklinisk behandling er basis for all anna behandling innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Vi ønskjer å gje poliklinisk tilbod til alle TSB-pasientar så nær heimstaden som mogleg og i nært samarbeid med heimkommunen.

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) har poliklinikk ved Molde behandlingssenter og Ålesund behandlingssenter. I tillegg samarbeider vi med polikliniske tilbod innan TSB, som organisatorisk er plassert i psykisk helsevern – ROP- teama i Møre og Romsdal.

Treng du behandling av avhengigheit til rusmidler, legemideler og spill, eller er du pårørande til ein med avhengigheitsproblematikk og ynskjer behandling? Då må du ta kontakt med fastlegen din eller ruskonsulent i kommuna di slik at det blir sendt ei tilvising til oss. Du kan bli kontakta for samtale før vi avgjer kva type behandling du skal få. Om du får tilbod om poliklinisk behandling vil dette seie at du kjem til timesamtale og dreg heim etter denne samtalen. Du vil få timeinnkalling pr. telefon eller sms og post.

Dersom du er innlagt i ein annan rusinstitusjon og ynskjer samtalebehandling når du kjem heim, kan institusjonen du er innlagt i sende tilvising til poliklinisk behandling.

Sjukdomsinformasjon, les meir på helsenorge.no

Alkohol

Narkotika

Legemiddelasistert rehabilitering (LAR)

Behandling av samtidige rusproblem og psykiske lidingar

Spelavhegigheit

Doping og dopingtelefonen

Individuellplan og koordinator

Tilvising og vurdering

Desse kan tilvise deg til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

  • Sosialtenesta/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege/allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre deler av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Ordinær tilvising

Vurderingsinstansar i Helse Midt-Norge

Dersom pasienten har behov for poliklinisk behandling og ikkje treng innlegging i døgn, skal tilvising sendast til den poliklinikken som er geografisk nærast der pasienten bur. Tilvisinga blir vurdert der.

Det er eit eige team som gjer ei vurdering ut frå tilvisinga. I vurderinga skal det kome fram kva type behandling du har rett på (poliklinikk og/eller dag-/døgnbehandling), og kva behandlingsstad som vert rekna som best for deg. Innan ti verkedagar etter at vi har motteke tilvisinga, skal du få informasjon om du har rett til nødvendig helsehjelp.

Vurderinga kan ha to utfall

  1.  Ja, du får tilbod om behandling med bindande frist og tidspunkt for når utgreiing eller behandling skal starte. Du vil få eit brev der det vil kome fram når vi kan gi deg eit behandlingstilbod, og korleis gangen vidare er lagt opp for deg. 
  2. Avslag, som betyr at det er nok med behandling/oppfølging i kommunen eller annan instans. I svarbrevet skal det kome fram at det er høve til å klage og korleis du kan gå fram.

Tilvising døgnbehandling:

Tilvisingar til døgnbehandling skal sendast til følgjande adresse:
Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

Tidlegare blei desse tilvisingane vurdert i dei fem psykiatriske poliklinikkane i tillegg til Ålesund behandlingssenter. No skal tilvisingane til døgnbehandling sendast til vurderingsteam i Avdeling for TSB.

Tilvising poliklinisk behandling:

  • ROP-teamet i Volda (Helse Møre og Romsdal), Kløvertunvegen 1, 6100  VOLDA,
    tlf. 70 05 85 60
  • ROP-teamet i Ålesund (Helse Møre og Romsdal), 6026  ÅLESUND, tlf: 70 16 73 00
  • ROP-teamet i Molde (Helse Møre og Romsdal), Bj. Bjørnsonsvei 45-47, 6412 MOLDE, tlf. 71 12 29 00
  • ROP-teamet i Kristiansund (Helse Møre og Romsdal), Hermann Døhlens veg 1, 6508  KRISTIANSUND, tlf. 71 12 33 35
  • Psykiatrisk ungdomsteam i Sør-Trøndelag (St.Olav), Klostergata 46, tlf. 73 53 90 00
  • Klinikk for rus- og avhengighetsmedisin / Kompetansesenter rus - Midt-Norge(St.Olav),tlf. 73 86 29 00
  • Avdeling for rusrelatert psykiatri (Helse Nord-Trøndelag), 7600  LEVANGER,
    tlf. 74 09 86 00
  • Avdeling for rusrelatert psykiatri (Helse Nord-Trøndelag), 7800  NAMSOS,
    tlf. 74 21 54 00

Unntak:

  • Tilvising til legemiddelassistert rehabilitering for opiatavhengige skal vere laga i samarbeid mellom pasienten, NAV/rustjenesten og fastlegen og skal sendast på eiga tilvisning, sjå under Tilvisning til legemiddelasistert rehabilitering (LAR).
  • Ved vedvarande/alvorleg rusmiddelmisbruk kan fastlegen, den kommunalt oppfølgingsansvarleg eller pasienten/pårørende ta kontakt med Klinikk for rus og avhengigheitsmedisn St. Olav eller Ålesund behandlingssenter for snarleg vurdering med tanke på plass for avrusing. Dersom situasjonen er livstruande, kontakt sjukehus på tlf. 113
  • For behandling utan eige samtykke (tvang) fremjar NAV/rustjenesten sak til Fylkesnemnda for NAV/sosiale saker.
  • Dersom det ligg føre rett til nødvendig helsehjelp knytt til døgnbehandling, kan
    kriminalomsorga innvilge § 12-soning.    

Innhald i tilvising

Tilvising til legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Tilvising av pasientar som er opiatavhengige, bør utarbeidast i samarbeid mellom pasienten, NAV/sosialtenesta og fastlegen. Det skal fyllast ut eit eige skjema som skal sendast til : 

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

For tilvising  til LAR skal det benyttes eget tilvisingsskjema:

Tilvisingsskjema LAR

Har du spørsmål om LAR, kan du ringje telefon 70 17 13 62.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Henvisningen bør inneholde en kortfattet status som inkluderer:

Aktuelt

  • Hva ønsker pasienten hjelp til? Det er ønskelig at brukeren selv skriver ned sine ønsker og hva det ønskes hjelp til. Brukeren bør ved behov få tilbud om hjelp til skriftliggjøring.
  • Pasientens ønsker om type behandling i TSB og hvor behandlingen bør finne sted.
  • Pasientens ressurser
  • Rusmiddelbruk og/eller annen avhengighetsproblematikk (spillproblematikk, bruk av anabole androgene steroider)
  • Har pasienten individuell plan (IP), koordinator og ansvarsgruppe?
  • Tidligere og nåværende behandlings- og oppfølgingstiltak
  • Somatisk helse (inkludert tannhelse) og levevaner. Hvis mulig legges det ved et skriv fra fastlegen.
  • Psykisk helse. Vurdering av overdoserisiko og risikofaktorer for selvskading/selvmord.
  • Samarbeidspartnere og andre hjelpeinstanser (inkludert statlig NAV) som pasienten er i kontakt med
  • Vurder behov for avrusning

Familie/sosialt

  • Familieforhold, spesielt fokus på pasientens mindreårige barn og/eller søsken
  • Sosiale forhold inkludert boligforhold
  • Interesser og nære støttepersoner
  • Arbeid/utdannelse (herunder sykemelding), økonomi og nettverk.
  • Har pasienten førerkort? se Førerkortveilederen

Andre forhold

  • Legemidler i bruk og relevant tidligere legemiddelbruk
  • Informasjon om allergier (inkludert legemiddelallergier)
  • Kartlegge om pasienten har historie med vold og trusler (utsatt for og/eller utøvd)
  • Spesielle hensyn (behov for tolk, oppmøtested, tilrettelegging, ønske om kjønnsdelt behandling m.m.)
  • Spesielle hensyn tilknyttet språklige eller kulturelle forskjeller, eventuell status migrasjonsbakgrunn
  • Har pasient individuell plan (IP)?

Mulige somatiske årsaker til tilstanden bør være vurdert, inkludert blodprøver der det er aktuelt. (Nødvendig somatisk diagnostikk vil sluttføres i spesialisthelsetjenesten dersom pasienten vurderes å ha rett til helsehjelp). Det bør komme tydelig frem hva som er begrunnelsen for henvisningen. Ved behov for særlig tilrettelegging, må dette fremkomme i henvisningen.

Utgreiing

I startfasa av utgreiinga vil hovedfokuset vere å etablere ein god relasjon og å engasjere deg i din egen endringsprosess. Underveis vil vi nytte eit breitt spekter av verktøy som ledd i kartlegging og utgreiinga. Dette gjer vi for å klarleggje omfang og alvorlighei av avhengigheita samtidig som vi undersøkjer og vurderar forekomst av psykiske og fysiske plagar eller lidingar. 

Kor lang tid dette tek er individuelt.

Behandling

Ein behandlar i poliklinikken vil få ansvar for å kalle deg inn til timesamtale. Saman med deg vil vi finne ut kva hjelp du treng og som er tilpassa deg og dine behov. Behova dine blir skrevet ned i ein behandlingsplan.

Poliklinikken har mange ulike behandlingstilbod.

Individuell behandling

Dette vil seie at du går i regelmessige samtaler hos din faste behandlar. I dei fyrste samtaletimane fyller vi ut ulike skjema saman med deg.  Først legg vi vekt på å bli kjent med deg og kartlegg kva utfordringar du har. Vi lager ein avtale med deg i forhold til kor ofte vi skal møtes. Det kan av og til vere vanskeleg å sitje på eit kontor å snakke, men da kan vi møtast andre plassar om du ynskjer det.

Tema i samtalane vil variere ut frå dine behov. Viktige tema er korleis du meistrar kvardagen opp imot din avhegigheit, og korleis du har det i forhold til deg sjølv. I samtalane vil du utvikle større forståing på kva som er risikosituasjonar og lære deg nye måtar å handtere slike risikosituasjonar knytt til åtferd, tankar og handlingar.

Av og til vil det være nødvendig med nærare undersøkingar i forhold til rusbruk, somatisk og psykisk helse. Då vil du få tilbod om å snakke med ein psykolog eller lege som vil hjelpe deg med dette.

Dagbehandling

Dette er eit tilbod til deg som har vore innlagt til døgnbehandling i TSB. Du er spesielt sårbar i overgangen frå døgnbehandling og når du kjem heim. Difor anbefaler vi dagbehandling i denne overgangen. For å få eit tilbod i dagbehandling må du ha stabil rusmestring og ikkje bruke vanedannande medikament. Om du har LAR behandling må du være godt stabilisert på LAR medikamentet.

I dagbehandling  kan du få eit tilbod to dagar i veka i 12 veker. Det kan gjerast individuell vurdering om du ynskjer å vere lengre i dagtilbodet. Det er ulike gruppetilbod . Ein kan og få individuell oppfølging i tillegg. Du kan sjølv bestemme tema som du ynskjer å snakke om i ei av gruppene. I nokre grupper er det faste gruppeoppgåver som blir bestemt av gruppeleiarane. Det er også gruppe med fokus på familie og nettverk. I tillegg er det ei meistringsgruppe. Her kan du være med å påverke kva som er dine utfordringar og kva du treng å utfordrast på. Det vert og gitt eit gruppetilbod med NADA akupunktur . Du får gratis lunsj i dagtilbodet.

Brosjyre og timeplan for dagbehandling (PDF)

Ettervernsgruppe

Dersom du har fullført døgnbehandling i institusjon eller har hatt eit dagtilbod, kan du få tilbod om å  gå i ettervernsgruppe. Gruppa møtast ein gong i veka. Gruppa blir leia av to behandlarar frå poliklinikken.

Du kan gå i denne gruppa utan at du må ta deg fri frå utdanning/jobb. Du må ha stabil rusmeistring og greie å følgje opp avtalar for å kunne gå i denne gruppa. I ei slik gruppe kan du ta opp ulike utfordringar du møter i kvardagen, og få høyre andre sine tankar og erfaringar rundt desse utfordringane.  Ofte er det slik at andre kan ha same opplevingane som du.

Pårørande

Om du er pårørande til nokon som er rusavhengig kan du få eit behandlingstilbod. Du må ha tilvising frå fastlege.  Du som pårørande kan få både individuelle samtalar og tilbod om å vere med i gruppe saman med andre pårørande. Gruppe for pårørande går onsdag ettermiddag slik du kan kombinere denne med utdanning/jobb utan at du må ta deg fri. Gruppa går over seks onsdagar og vert leia av familieterapeut og sosionom. Lege deltek i eine gruppetimen. I gruppa er det undervisning  på ulike tema og dialog rundt tema som det vært undervist i. Det kan vere inntil 8 personar i denne gruppa.

Brosjyre for pårørande (PDF)

 

Speleavhengigheit

Poliklinikken gir og tilbod til dei som er speleavhengig eller har ein som er speleavhengig i nær familie. Vi erfarer at dei som har ein avhengigheit lett kan utvikle ein ny avhengigheit. Om du eller dine pårørande har eit problem i høve speleproblematikk kan du bli tilvist. Her kan du lese meir om spelavhengigheit

LAR

Dersom du har ein alvorleg avhengigheit av opiater kan det være at LAR er rett behandling for deg. LAR er legemiddelassistert rehabilitering. Det vil seie at du i tillegg til samtalebehandling får medisin som skal ta vekk russug av opiater. LAR medikamentet tek ikkje vekk russug av benzodiazepiner eller andre typar rusmiddel.

For å få LAR behandling må du i samråd med fastlegen din og ruskonsulent sende ei tilvising. I tilvisinga skal det framkome dokumentasjon på din avhengigheit av opiater. Dersom du får ein rett til helsehjelp med LAR, tar ein behandlar frå oss kontakt med deg. Saman med deg, behandlar, fastlegen og ruskonsulenten avtales det eit møte for oppstart.

Om målsettinga er å bli rusfri ynskjer vi at du startar LAR behandlinga når du er innlagt i døgnseksjon for avrusing.  Der får du eit avbrekk frå rusmiljøet heime. Du vil få omsorg i ein vanskeleg fase der du ikkje skal bruke noko form for rusmidlar. Det kan være godt med kvile og god mat før du skal ta tak i alle endringane du skal gjere i livet ditt. Opptrapping på LAR medikament blir starta opp når du er innlagt i døgnseksjon for avrusing.

Om du ikkje klarer å slutte med alle rusmidlar for å begynne i LAR kan du velje skadereduksjon som målsetning. Vi samarbeider med apotek eller nokon i kommuna di om utdeling av medisinen. Om du veljer skadereduksjon som målsetting er det daglege henteordningar og du får ikkje ta med deg medikament heim.

Vi ønskjer å samarbeide tett saman med deg når du er i LAR behandlinga. Det er vanleg å ha ei ansvarsgruppe som har regelmessige møter etter behov. I desse møta bruker vi ein individuell plan der behandlingsmåla dine blir skrevne ned og alle i ansvarsgruppa har ulike oppgåver for å hjelpe deg. Saman lager vi ein plan for samtalar som for eksempel kva vi skal snakke om, når skal vi møtast og kvar vi skal møtast. Behandlaren din kan og tilvise deg til andre behandlingstilbod om du ønskjer det. Det kan være avrusing eller lengre opphald på institusjon eller det kan være at du ønskjer å gå i dagbehandling.

Oppfølging

Når du skal avslutte behandlinga hos oss planlegg vi saman med deg kva du treng av eventuell anna oppfølging. Nokon treng kanskje vidare samtalar med ruskonsulent eller andre i kommunehelsetenesta, for andre vil det halde med samtalar med fastlege.

Om du har behov for meir behandling enn det vi kan tilby deg i poliklinisk kan vi tilvise deg til døgnbehandling ved Ålesund behandlingssenter eller andre døgninstitusjonar som er tilpassa dine behov.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Kurs og opplæring

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Endre/avbestille time

Endre/avbestille time

Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe 70 17 13 62 mandag - fredag i tidsrommet 08.00 – 16.00. Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer.

Internett/WiFi

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Fann du det du leita etter?