Individuell behandling
Når du får individuell behandling, har du samtalar med din faste behandlar. I dei første samtaletimane legg vi vekt på å bli kjent med deg og kartlegg kva utfordringar du har. I behandlinga bruker vi tilbakemeldingsskjemaet NORSE, slik at du kan gi fortløpande tilbakemelding på opplevd kvalitet i behandlinga og vi kan kan tilrettelegge behandlinga etter dette.
Tema i samtalane vil variere ut frå dine behov. Viktige tema er korleis du meistrar kvardagen opp imot din avhegigheit, og korleis du har det i forhold til deg sjølv. I samtalane vil du utvikle større forståing på kva som er risikosituasjonar og lære deg nye måtar å handtere slike risikosituasjonar knytt til åtferd, tankar og handlingar.
Av og til vil det vere nødvendig med nærare undersøkingar i forhold til rusbruk, somatisk og psykisk helse. Då vil du få tilbod om å snakke med ein psykolog eller lege som vil hjelpe deg med dette.
Dagbehandling
Målgruppa er personar med avhengigheit som skal avslutte døgnbehandling og som treng meir behandling i den sårbare overgangen til heimen, eller personar som går i eit poliklinisk forløp og har behov for meir intensiv behandling enn polikliniske samtalar åleine. For å kunne gå i dagbehandling må du bu i grei reiseavstand frå oss, og ha stabil rusmeistring. Dersom du får LAR-behandling må du vere godt stabilisert på LAR-medisinane.
Dagbehandlinga er to til tre dagar i veka
Les meir om dagbehandling i denne brosjyren (pdf)
Ettervernsgruppe
Dersom du har gjennomført døgnbehandling i institusjon eller gått i dagbehandling, kan du få vidare oppfølging i ettervernsgruppe hos oss. Du må ha stabil rusmeistring og klare å følge opp avtalar for å kunne gå i denne gruppa. I denne gruppa kan du ta opp utfordringar du møter i kvardagen, og høyre andre sine tankar og erfaringar rundt dette. Felleskapet som oppstår i gruppa kan gi styrke til å meistre livet uten avhengigheit.
LAR (legemiddelassistert rehabilitering)
Dersom du har ein alvorleg avhengigheit av opiater kan det vere at LAR er rett behandling for deg. LAR er legemiddelassistert rehabilitering. Det vil seie at du i tillegg til samtalebehandling får medisin som skal ta vekk russug av opiater. LAR-medikamentet tek ikkje vekk russug av benzodiazepiner eller andre typar rusmiddel.
For å få LAR behandling må du i samråd med fastlegen din og ruskonsulent sende ei tilvising. I tilvisinga skal det framkome dokumentasjon på din avhengigheit av opiater. Dersom du får rett til helsehjelp med LAR, tar ein behandlar frå oss kontakt med deg. Saman med deg, behandlar, fastlegen og ruskonsulenten avtalar vi eit møte for oppstart.
Om målsettinga er å bli rusfri ønsker vi at du startar LAR behandlinga når du er innlagt i døgnseksjon for avrusing.
Om du ikkje klarer å slutte med alle rusmiddel for å begynne i LAR kan du velje skadereduksjon som målsetning. Vi samarbeider med apotek eller nokon i kommuna di om utdeling av medisinen. Om du vel skadereduksjon som målsetting er det daglege henteordningar og du får ikkje ta med deg medikament heim.
Vi ønsker å samarbeide tett med deg når du er i LAR behandlinga. Det er vanleg å ha ei ansvarsgruppe som har regelmessige møte etter behov. I desse møta bruker vi ein individuell plan der behandlingsmåla dine blir skrivne ned og alle i ansvarsgruppa har ulike oppgåver for å hjelpe deg. Saman lager vi ein plan for samtalar som for eksempel kva vi skal snakke om, når skal vi møtast og kvar vi skal møtast. Behandlaren din kan og tilvise deg til andre behandlingstilbod om du ønsker det.
Rusmeistringstiltaket Hustad fengsel
Dersom du skal sone ein dom i Hustad fengsel og slit med rusavhengigheit, kan du søke om å få plass på rusmeistringstiltaket ved fengselet. Vi har erfarne psykiatriske sjukepleiarar og psykolog som er i fengselet fleire dagar i veka. Du kan bli med i gruppe eller individuelle samtalar.
Speleavhengigheit
Poliklinikken gir og tilbod til dei som er speleavhengig eller har ein som er speleavhengig i nær familie. Om du eller dine pårørande har eit problem i høve speleproblematikk kan du bli tilvist.
Pårørande
Om du er pårørande til nokon som er rusavhengig kan du få eit behandlingstilbod. Du må ha tilvising frå fastlege. Du som pårørande kan få både individuelle samtalar og tilbod om å vere med i gruppe saman med andre pårørande. Den rusavhengige treng ikkje å vere pasient hos oss for at du skal nytte dette tilbodet. Det same gjeld sjølv om den rusavhengige ikke opplev å ha eit problem. Du kan bli tilvist av fastlegen din, bedriftshelseteneste eller Nav. Ved oppstart får du ein behandlar som du møter til samtale ein gong i veka, eller så ofte som de avtaler.
Les mer om pårørandetilbodet i denne brosjyren (pdf)
