Søvndeprivert EEG, Ålesund

Nevrologisk poliklinikk Ålesund

Undersøking av den elektriske aktiviteten i hjernen under søvn.

1. Før

  • Vaksne og barn over ti år skal halde seg vaken natta før undersøkinga.
  • Barn frå to til ti år kan sove frå kl 21:00 - 03:00, og haldast vakne etter det.
  • Barn under to år kan vekkast kl 05:00.
  • La ikkje barna sovne på veg til laboratoriet. 
  • Et frukost som vanleg, men ikkje drikk kaffi eller te etter klokka 24:00 dagen før.
  • Faste medisinar skal du ta som vanleg.

Møt opp med nyvaska hår. Ikkje bruk hårspray, gele eller krem i håret før undersøkinga. Du får hjelp til å vaske håret før du forlet laboratoriet.

2. Under

Elektrodar festast med ein krem til hovudbotnen. Etterpå ligg du uforstyrra på benk med lyset av i cirka ein time. 

Undersøking av små barn

Det er avgjerande for undersøkinga at ein ligg heilt i ro medan elektrodane blir festa på. Det er derfor fint om vaksne følger dei minste barna. Ta gjerne med noko som kan hjelpe å halde barnet roleg, for eksempel ei flaske med drikke, smokk, leiker, bøker, video/dvd eller liknande.

3. Etter

Når undersøkinga er avslutta kan du vaske håret og tørke det før du reiser heim.

Resultatet blir sendt til legen som tilviste deg til undersøkinga.

Kontakt

Nevrologisk poliklinikk Ålesund
Telefon
70 10 54 37
Telefonen er stengd kvar dag mellom 11.30 - 14.00.
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.