Søvndeprivert EEG, Molde

Nevrologisk poliklinikk Molde

EEG (elektroencefalografi) er ei undersøking av den elektriske aktiviteten i hjernen under søvn. Ved hjelp av elektrodar festa på hovudet kan elektriske signal i hjernen registrerast i EEG-apparatet. Signala blir bearbeida og kan sjåast i form av bølger på ein skjerm. Samtidig gjer vi eit videoopptak. Videoen er eit supplerande hjelpemiddel i diagnostiseringa. EEG er heilt smertefritt.

 

Før

Vaksne

  • Du må holde deg vaken heile natta før undersøkinga.
  • Du kan sove litt på ettermiddagen dagen før, men du må ha vore vaken frå kl. 18 og heilt fram til du kjem til undersøkinga kl. 08.
  • Ikkje drikk koffein- eller alkoholholdig drikke etter kl. 18.
  • Du kan elles ete og drikke det du måtte ønske. Det er viktig at du har ete frukost før du kjem.

Barn under 3 år

  • Undersøkinga skal gjerast når barnet har sin faste sovetid på dagtid. Det er derfor viktig at dykk kontaktar oss og opplyser om når barnet pleiar å bli trøtt på dagtid slik at vi kan setje opp ein time rundt det tidspunktet.
  • Sovetida for dei aller minste kan med fordel utsetjast 1-2 timer, men barnet må ikkje sove like undersøkinga.
  • Det er viktig at barnet et før det kjem til undersøkinga.
  • Ta faste medisinar som vanleg


Barn 3-10 år

  • Barnet skal berre ha sove 4 timar natta før undersøkinga.
  • Kvelden før undersøkinga: Hold barnet vakent fram til midnatt. La han/henne deretter sove til kl 04:00. Så vekker dykk barnet og holdar han/henne vaken heilt til dykk kjem til undersøkinga kl 08:00.
  • Barnet kan ta faste medisinar som vanlig, men gi beskjed til EEG-teknikar om kva medisinar du har tatt før registreringa startar.
  • Håret bør være reint for olje, hårspray, hårvoks og liknande.
  • Ta med ein lue, caps eller anna hovudplagg om du ønsker. Håret kan bli noko vått og klissete når vi vaskar bort elektrodepastaen.
  • Det er mogeligheit å bruka vaskerom for å vaske håret. Shampo, balsam og handkle er tilgjengeleg.

 

Under

Vi festar elektrodar med elektrodepasta til hovudbotnen på bestemte stader. Pastaen held elektrodane på plass og sikrar god signaloverføring. Det er som oftast 23-29 elektrodar tilsaman. Etter på ligg du uforstyrra på ein benk med lyset av i cirka ein time.

Undersøking av små barn

Det er avgjerande for undersøkinga at barnet ligg heilt i ro medan elektrodane blir festa på. Det er derfor fint om vaksne følger dei minste barna. Små barn kan sitje på fanget når vi festar på elektrodane. Ta gjerne med noko som kan hjelpe å halde barnet roleg, for eksempel ei flaske med drikke, smokk, leiker, bøker, ipad eller liknande.

Undersøkinga tar som regel 1,5 - 2 timar.

Etter

Legen eller avdelinga som tilviste deg vil gje deg svaret på undersøkinga.

 

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstida er kl. 17:00 - 19:00 på kvardagar, og ​mellom kl 16-18 i helger ​. Besøkjande må ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


KORONAVIRUSET: Viktig informasjon til besøkande

​For å unngå koronasmitte har vi restriksjonar for besøk på sjukehusa. Viss du planlegg eit besøk, må du gjere deg kjent med gjeldande rutine.

Gjeldande rutine finn du her

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag og søndag: 10.00–19.00

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?