Spirometri Ålesund

Poliklinikk for lungesjukdommar Ålesund

Spirometri er ei undersøking som måler lungefunksjonen din. Lungefunksjonsprøva måler kor mykje luft du maksimalt får til å puste ut, og kor raskt du får til å puste ut.

 

1. Før

For at testen skal gi best mogleg resultat er det viktig at du: 

  • Dersom mogleg, unngår å ta inhalsjonsmedisin i form av Ventoline, Atrovent, Bricanyl, Salbuvent, Serevent, Seretide, Spiriva, Oxis og Symbicort 12 timar før undersøkinga
  • Dersom du kjenner deg dårlig må du ta hjelpemedisinen din. Viktig at du då noterer ned tidspunktet du tok medisinen. Andre medisinar tar du som vanleg. Grunnen til det er at nokre medisinar kan påverke resultatet av pusteprøva, difor bør du alltid på førehand opplyse kva for medisinar du bruker. 
  • Unngå å ete eit større måltid 1 time før undersøking.
  • Unngå bruk av tobakk den dagen du skal til undersøking.
  • Unngå å anstrenge deg 1 time før undersøking.

Alt dette vil du få informasjon om frå helsepersonell før undersøkinga.

 

2. Under

Du får på ei naseklemme og skal deretter puste gjennom eit røyr, så mykje og så kraftig du kan. Dette skal gjerast fleire gongar. Sjukepleiar vil heile tida instruere deg.

Dersom du er tungpusta kan vi gjere ein ny test etter at du har pusta inn ein medisin. Dette blir gjort for å teste medisinen sin verknad på den enkelte.

 

3. Etter

Når testen er gjennomført fleire gongar, er det registrert informasjon om lungefunksjonen din.

Kontakt

Medisinsk poliklinikk for lungesjukdommar Ålesund
Telefon
70 10 55 80
måndag - fredag 08:00 - 12:00 og 14:00 - 15:30
E-post
Postadresse

Ålesund sjukehus
Postboks 1600
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.