Du får på ei naseklemme og skal deretter puste gjennom eit røyr, så mykje og så kraftig du kan. Dette skal gjerast fleire gongar. Sjukepleiar vil heile tida instruere deg.
Dersom du er tungpusta kan vi gjere ein ny test etter at du har pusta inn ein medisin. Dette blir gjort for å teste medisinen sin verknad på den enkelte.