Spiseforstyrring hos barn og unge, Kristiansund

Behandlingsprogram, Poliklinikk Kristiansund BUP

Spiseforstyrring er ei fellesnemning for fleire tilstandar med forstyrra spisemønster der ein er overoppteken av mat, kropp og vekt, med ulik grad av alvor og årsakssamanheng. Dei mest kjente tilstandane er anoreksi og bulimi. No innfører vi pakkeforløp for barn og ungdom med spiseforstyrring. 

 

Innleiing

Pakkeforløp skal bidra til at du får heilskapleg hjelp utan unødvendig ventetid. I pakkeforløpet legg vi til rette for at du skal få vere med å bestemme i avgjerder om di behandling, og for at behandlinga skal vurderast undervegs. 

Sjølv om spiseforstyrring oftast startar i ungdomsåra, kan også barn få spiseforstyrring. Spiseforstyrring er ekstra farlege hos barn og ungdom, då dei raskt kan bli verre og normal vekst og utvikling kan stoppe opp.

Ved mistanke om spiseforstyrring er det viktig å vere merksam på om barnet følgjer si tidligare utviklingskurve for høgde og vekt og viser normal pubertetsutvikling. Spiseforstyrring kan likevel vere vanskeleg å oppdage, fordi kroppsvekt og næringsbehov til barn og unge varierer under vekstperiodar.

Spiseforstyrring er mest vanleg hos jenter, men også gutar kan utvikle det.

Mange med spiseforstyrring har ei forstyrra kroppsoppleving. Det er vanleg å føle seg større enn det andre oppfattar ein som, og å ha eit sterkt ønske om å gå ned i vekt. 

Tilvising og vurdering

For å få utgreiing og/eller behandling i spesialisthelsetenesta sitt tilbud til barn og ungdom, treng du tilvising. Lege, psykolog og barnevernsleiar kan tilvise barn og ungdom til psykisk helsevern for barn og unge (BUP).

Etter mottatt tilvising vil BUP avgjere om du får behandling her. For spiseforstyrring er det viktig med rask hjelp. Er spiseforstyrringa alvorleg, skal alle som blir tilvist få ein samtale med behandlar saman med familien sin innan ei veke. Er den mindre alvorleg kan ventetida vere fire veker. 

Sjå nettsider frå helsedirektoratet for fleire detaljar

Poliklinisk behandling vil vanlegvis bety at ungdomen/foreldre/føresette møter opp til behandling ved BUP. Når innlegging er nødvendig, blir tilvisinga sendt til aktuell døgnavdeling.
 
Dersom det er behov for akutt hjelp på grunn av dårleg allmenntilstand, må lege tilvise for innlegging ved næraste somatiske barneavdeling som har ansvar for dette. 

Dersom du er bekymra for at det står som livsfare, ring nødtelefon 113.

Pasientforløp

Pasientforløpet til spisefortstyrringar hos barn og ungdom frå tilvising til avslutting kan du sjå her.

1. Utgreiing

Dei fleste som kjem til BUP med ei spiseforstyrring får tilbod om poliklinisk behandling. Når tilvisinga er vurdert og det blir gitt rett til nødvendig helsehjelp, vil ungdomen/foreldre/føresette bli kontakta på telefon eller pr brev. Der får de informasjon om kva som skal skje vidare.

Ei grundig somatisk og psykisk vurdering er nødvendig for god behandling på rett omsorgsnivå. På bakgrunn av tilvising og den første samtalen vil det saman med ungdomen og foreldre/føresette bli utarbeidd ein utgreiingsplan.

Utgreiinga vil som oftast vere:

  • Informasjon (kartlegging) om sjukdomshistoria (anamnese inkludert familieanamnese)
  • Relevante testar og intervju, som på fagspråket blir kalla strukturerte diagnostiske intervju/instrument
  • Relevante skjema som ungdomen og eventuelt foreldre/føresette/andre skal fylle ut sjølv (sjølvrapporteringsskjema) 
  • Somatisk utgreiing (legeundersøking, blodprøver, ev. andre supplerande undersøkingar ved behov) 

Ei spiseforstyrring blir behandla best når behandlinga startar så raskt som mogleg. For dei fleste vil diagnosen vere relativ klar, og det vil ikkje vere nødvendig å gå igjennom ei lengre periode med utgreiing før behandlinga startar.

2. Behandling

Poliklinisk behandling

På bakgrunn av konklusjonen etter utgreiinga vil det saman med ungdomen og foreldre/føresette bli utarbeidd ein behandlingsplan.

For dei aller fleste vil det vere nok med behandling i ein BUP poliklinikk. Dersom spiseforstyrringssymptoma ikkje blir redusert, kan det bli nødvendig å forsterke eller erstatte det polikliniske tilbodet med til dømes ambulante tenester eller dagtilbod der dette er tilgjengeleg. Av og til kan det bli nødvendig med innlegging på sjukehus.

Poliklinisk behandling med ambulante tenester

Ambulante tenester kan vere ei forsterking av poliklinisk behandling eller eit eige behandlingstilbod. Her møter behandlarane ungdomen og foreldre/føresette i deira heimemiljø. Behandlarane kan vere tett på, med dagleg oppfølging i ein intensiv, men tidsavgrensa periode.

Dagtilbod

Eit dagtilbod vil som oftast innebere at ungdomen og/eller familie er til stades ved ei avdeling nokre timar dagleg og ete eit eller fleire måltid der. Eit slikt tilbod kan også gjelde samtalar med behandlarar, aktivitetar og/eller gruppetilbod. Nokre stadar kan familien bu i ei eiga leilegheit og ta imot dagtilbod.

Innlegging på sjukehus

Ved alvorleg spiseforstyrring over tid utan betring eller ved forverring, kan innlegging på døgneining for psykisk helsevern vere nødvendig. Desse innleggingane blir som oftast planlagt saman med behandlar.

Av og til, når allmenntilstanden er dårleg, er det nødvendig med innlegging på somatisk avdeling som akutt hjelp.
Barn og ungdom under 18 år har rett til å ha med minst ein av foreldra/føresette under innlegging. Nokre avdelingar legg også inn heile familien i periodar.

Alle sjukehus har eit skuletilbod knytt til avdelinga.

Behandlinga vil som oftast bestå av:

  • Ernæring 
    Regelmessige måltid og tilstrekkeleg ernæring er nødvendig for tilfrisking. Mengden mat blir tilpassa ungdomen sin tilstand.
  • Psykoterapeutisk behandling 
    Psykoterapi betyr behandling av psykiske lidingar ved hjelp av psykologiske/psykiatriske metodar. For alvorlege spiseforstyrringar hos barn og ungdom er familiebasert terapi (FBT) den behandlinga med best verknad. Men behandlinga kan også omfatte individuelle samtalar, eksponeringsterapi, kunst- og uttrykksterapi og gruppebehandling.
  • Tilpassing av fysisk aktivitet 
    Fysisk aktivitet må tilpassast ungdomen sine psykiske vanskar, matinntak, somatisk status og endrast i tråd med tilfriskingsprosessen.

Aktuelle terapimetodar for barn og ungdom:

  • Familiebasert behandling for spiseforstyrring (FBT)
    Familiebasert behandling for spiseforstyrring (FBT) er ei behandlingsform utvikla spesielt for barn og ungdom, og deira sin familie, som strever med mat og spising. 

    Dette er den mest verksame behandlinga, og derfor anbefaler dei nasjonale retningslinjene familiebasert behandling spesifikt til barn og ungdom med spiseforstyrring. 

    At heile familien er med aukar sjansen for tilfrisking, forhindrar tilbakefall, og reduserer behovet for meir intensiv behandling, inkludert døgnbehandling. Dette gjeld alle spiseforstyrringsdiagnosar, både ved anoreksi, bulimi og overspising. 

    Ved familiebasert behandling snakkar behandlaren litt med ungdomen åleine, men mest med heile familien samtidig. Av og til er det også viktig og nødvendig å snakke med foreldra utan at ungdomen til stades.

  • Fleirfamiliegruppeterapi 
    Fleirfamiliegruppeterapi blir gitt i tillegg til ein annan hovudbehandling, som for ungdom vanlegvis vil vere familiebasert behandling. Ved fleirfamiliegruppeterapi møtast fleire familiar over ein eller fleire dagar i ei viss tidsperiode, vanlegvis omtrent eit halvår. 

  • Individuell psykoterapi for spiseforstyrring 
    Dersom FBT ikkje fører fram eller er uaktuelt, bør det bli gitt tilbod om individuell psykoterapi retta mot spiseforstyrringar. Det er utvikla fleire slike behandlingsformer, men ingen spesifikk psykoterapi kan på vitenskapeleg grunnlag klart bli anbefalt framfor andre psykoterapiar. 

    Behandlinga bør uansett vere retta mot å hjelpe barnet/ungdomen til eit trygt matinntak og spisemønster. Dette inneber å ha fokus på vektnormalisering når det er nødvendig. Dessutan må behandlinga også ha fokus på alle dei andre sidene ved spiseforstyrring, som overspising, oppkast eller overdreven trening. Psykoterapien bør ha ei viss varigheit og intensitet.

    Til eldre ungdomar (over 16 år) kan kognitiv åtferdsterapi for spiseforstyrring brukast som behandling ved bulimi som eit alternativ til FBT. 

  • Medikamentell behandling 
    Det finst ingen medikament som kurerer ei spiseforstyrring åleine, men nokre medikament kan av og til vere til hjelp. Dersom ungdomen samtidig strever med til dømes tvangsliding, depresjon, angst og søvnvanskar, kan medisinar vere ein nødvendig del av behandlinga.

Vurdering av tilleggsbehandling

Psykoterapeutisk behandling

Psykoterapi tyder behandling av psykisk lidingar ved hjelp av psykologiske metodar, vanlegvis samtale. Det er altså et vidt omgrep som gjeld mange metodar (individualterapi, familieterapi/foreldrearbeid, gruppebehandling, kunst- og uttrykksterapi). I terapi er det viktig at pasienten/familien føler seg tatt vare på og lytta til.

Aktuell terapimetode:

Les meir om Kognitiv terapi for barn og ungdom, Kristiansund

Kognitiv terapi for barn og ungdom, Kristiansund

Grunntanken i kognitiv terapi er at tankar, følelser og handlingar påverkar kvarandre. Fokuset i denne behandlingsmetoden er at terapeuten og pasienten ser nærare på innhaldet i tankane og testar ut nye måtar å tenkje om og møte problema på. Forsking har dokumentert at kognitiv terapi har hjelpt mange til å få kontroll over problema sine.

Kognitiv terapi er ein behandlingsmetode der terapeuten har fokus på å jobbe med tankane til pasienten, derav ordet kognisjon som betyr tenking. Identifisering av negative automatiske tankar knytt til konkrete situasjonar er sentralt, og terapeuten prøver å få pasienten til å sjå samanhengen mellom tankar, følelser og handling. Det å forstå korleis ein tenkjer og førestille seg ei hending blir viktig, og korleis den negative tenkinga kan løyse ut vonde følelsar som igjen kan påverke handling på ein negativ måte. 

Å oppleve ein situasjon der noko ikkje gjekk bra blir hos mange forklart med tanken om at "eg er dum". Det blir også kalla negativ sjølvattribusjon, og ein vil prøve å finne alternative tankar som kan erstatte den negative. Slik kan pasienten få hjelp til å handle meir konstruktivt for seg sjølv. Det handlar i bunn og grunn om å få hjelp til å finne alternative måtar å tenkje, føle og handle på, ettersom ein saman ser nærare på det logiske grunnlaget for at pasienten tenkjer slik han/ho gjer.

Det er ulike kognitive metodar som høyrer til denne tilnærminga; kognitiv atferdsterapi, metakognitiv terapi og ACT (accept and commitment therapy).

 

Kognitiv åtferdsterapi

Kognitiv åtferdsterapi er ofte kalla berre kognitiv terapi. I kognitiv åtferdsterapi legg terapeuten også vekt på å hjelpe pasienten til å finne ein god balanse mellom naudsynte gjeremål og aktivitetar som kan gi ei auka oppleving av mestring og tilfredsstilling. Det blir lagt vekt på å jobbe med risiko for tilbakefall. I kognitiv terapi jobbar ein med å førebu pasienten til å nytte seg av metodane og verkty ein har jobba med i terapien, som hjelp til sjølvhjelp etter at behandlinga er ferdig.

Metakognitiv terapi

Det er dei seinare åra kome til nyare kognitive tilnærmingar, som metakognitiv terapi, der fokuset ikkje først og fremst går på å endre innhaldet i tankane, men å sjå på korleis pasienten tek stilling til tankane og korleis han/ho tenkjer om tankane (derav metakognitiv). Denne terapien skal vere noko mindre konfronterande enn tradisjonell kognitiv terapi som stiller spørsmål om innhaldet i tankane og kva som er irrasjonelt. I staden for eit fokus på å endre tankeinnhaldet, er målet å avgrense tida pasienten bruker til grubling/ruminering over bekymringstankar.

Det sentrale er å øve opp til ei metakognitiv haldning, og at pasienten blir sin eigen tenking bevisst og ta omsyn til den. Det er sentralt korleis ein tenkjer om, og ser på, sine indre så vel som sine ytre opplevingar. Til dømes så er deprimerte ofte meir bekymra og grubler meir enn ein som ikkje er deprimert. Ein lærer seg å utsetje grubling og la dei negative tankane kome, men utan å la dei ta for stor plass.

Aksept- og forpliktingsterapi (ACT)

Aksept- og forpliktingsterapi (ACT) er ei anna nyare retning i kognitiv terapi som mellom anna i mykje større grad vektlegg mindfulness. Tanke- og følelsesmessig smerte blir sett på som ein uunngåeleg del av livet og som oftast normale psykologiske reaksjonar på det som skjer i livet. Alle forsøk på å kontrollere eller unngå smertefulle opplevingar, tanker eller følelser fører berre til enda mer smerte. 

ACT dreier seg ikkje om å motarbeide skremmande, sinte, angstfylte eller triste tankar, eller dei følelsane som blir sett gong. Når ein gir slipp på tanke og følelseskontrollen kan ein oppnå psykologisk fleksibilitet, der ein kan eksistere akkurat no. Aksept handlar om å kunne leve med. Å leve med opnar for å kunne leve eit meir meningsfullt liv, styrt av sine indre verdiar.

I den kliniske kvardagen er det vanleg å nytte element frå ulike former for kognitiv terapi, og det er dessutan stadig meir lagt vekt på å jobbe med emosjonsfokuserte intervensjonar innan denne tilnærminga.

  1. Før

    Det er eit krav om at ein i spesialisthelsetenesta skal nytte evidensbaserte metodar. Det kan vere lurt å tenkje gjennom kva du ønskjer behandling for, og allereie når du søkjer hit startar å tenkje over mål for behandlinga. Klarer du å gjere nokre små endringar i ventetida, er det verdifullt.

  2. Under

    I all behandling er det viktig at du saman med behandlar blir einig om mål for behandlinga. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp, og det finst mange ulike behandlingsstrategiar.

    I kognitiv terapi er det svært vanleg å få heimeoppgåver mellom behandlingstimane. Pasienten sitt arbeid mellom timane blir sett på som ein viktig faktor for å få betring. Psykoedukasjon og innsikt i korleis plagene heng saman er også eit viktig element som gjer det lettare å kunne endre sine tanke- og åtferdsmønster.

  3. Etter

    Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema på slutten av ein terapi.

Gå til Kognitiv terapi for barn og ungdom, Kristiansund

3. Oppfølging

Koordinator 

Både kommunen og spesialisthelsetenesta har ansvar for å oppnemne ein forløpskoordinator. Forløpskoordinatoren skal sørge for at ulike delar av behandlinga heng saman, og at ungdomen og familien får den hjelpa som det er bruk for utan at det blir unødig ventetid mellom ulike tiltak. 

Individuell plan 

Barn og ungdom med spiseforstyrring kan ha behov for langvarig oppfølging frå ulike instansar. I slike tilfelle blir det utarbeidd ein individuell plan og oppretta ansvarsgruppe. Kommunehelsetenesta har ansvar for å utarbeide og koordinere individuell plan, men vi skal bidra i arbeidet dersom pasienten også mottek tenester herifrå.

Vi skal så snart som mogleg varsle kommunen når vi ser at det er behov for ein individuell plan som gjeld tenester både frå oss og kommunen. 

Det er viktig å få til trygge og glidande overgangar i ei overføring mellom ulike tenester og behandlingsnivå. Dette gjeld også ved bytte av behandlar på same behandlingsnivå.

Behandling etter fylte 18 år 

Dersom ungdomen treng vidare poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta utover fylte 18 år blir behandlinga overført til psykisk helsevern for vaksne. Under visse føresetnader kan behandlinga fortsette ved BUP fram til fylte 23 år.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Kontakt

BUP poliklinikk Kristiansund
Telefon
71217550
Måndag - fredag kl 08:00-11:30 og 12:00-14:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71120000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag: 10.00–17.00

Søndag: 12.00–19.00

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Tilvisingsskjema BUP

Relaterte nyheiter

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.