Spiseforstyrring hos barn og unge, Volda

Behandlingsprogram, Poliklinikk Volda BUP

Spiseforstyrring er eit fellesord for fleire tilstandar med forstyrra spisemønster og med ulik alvorlegheitsgrad og årsakssamanheng. Dei mest kjente tilstandane er anoreksi, bulimi og liding av overspising. 

Innleiing

Sjå ventetider på Velg behandlingssted (helsenorge.no)

 

Felles for spiseforstyrring er ei forstyrra kroppsoppleving med subjektiv oppleving av fedme, og ei sterk drivkraft for å gå ned i vekt.

Det finnast fleire ulike behandlingsformer for spiseforstyrring. Dei mest vanlege er psykoterapi, ernæringsrettleiing, fysioterapi, medisinering, støttegrupper og sjølvhjelp.

For barn og unge kan symptom på spiseforstyrring vere annleis enn hos vaksne. Ved mistanke om spiseforstyrring er det viktig å vere merksam på om barnet følger si tidlegare utviklingskurve (persentil) for høgde og vekt, og viser normal pubertetsutvikling.

Tilvising og vurdering

For å få utgreiing og/eller behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising.

Lege, psykolog, helsesøster, Barne- og familieteneste, PPT og barnevern er dei som kan tilvise barn og unge til BUP. Alle tilvisingar skal vere vurdert og underskrive av lege, psykolog eller barnevernsleiar. 

Spesialisthelsetenesta vil då på bakgrunn av Prioriteringsveilederen "Psykisk helsevern for barn og unge" avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Tilvisingar skal vurderast innan 10 arbeidsdagar. Maksimumsfristen for inntak er 8 veker og 4 veker ved alvorleg anorexia nervosa.

Alle tilvisingar skal som hovudregel vurderast i poliklinikk, men dersom innlegging er nødvendig bør pasienten leggast inn som øyeblikkeleg hjelp. All kontakt om øyeblikkeleg hjelp bør skje gjennom fastlege eller via legevakta.

-----------------------------------------------------

Standarisert pasientforløp for spiseforstyrring hos barn og ungdom i Helse Møre og Romsdal finn du her.

1. Utgreiing

Når tilvisinga er vurdert og det er gitt rett til nødvendig helsehjelp, vil du bli innkalla til ein inntakssamtale, eventuelt saman med foreldre/føresette.

Ei grundig somatisk og psykiatrisk vurdering er ein føresetnad for rett behandling og på rett omsorgsnivå. I så måte heng utgreiing og vurdering nøye saman med behandlinga (retningslinje).

På bakgrunn av tilvising og inntakssamtale vil det bli utarbeidd ein utgreiingsplan som inneheld oversikt over planlagt utgreiing og leggast fram for deg, eventuelt saman med føresette. 

Utgreiinga vil som oftast bestå av:

  • Informasjon (kartlegging) om sjukdomshistoria di (anamnese inkl. familieanamnese)
  • Relevante testar og intervju, som på fagspråket blir kalla strukturerte diagnostiske intervju/instrument
  • Relevante skjema som du og evt. føresett/andre skal fylle ut sjølv (sjølvrapporteringsskjema)
  • Somatisk utgreiing (legeundersøking, blodprøver, evt. andre supplerande undersøkingar ved behov)

For nokre kan det bli aktuelt med innlegging på sjukehus.

For dei fleste vil diagnosen vere relativ klar, og det vil ikkje vere naturleg å gå igjennom ei lengre periode med utgreiing før ein startar behandlingstiltak. Etter at utgreiinga er ferdig vil det bli gjennomført ei diagnostisk vurdering, som inneheld ein kort gjennomgang av utgreiing, konklusjon og foreslåtte tiltak.

2. Behandling

Pasientane blir som regel tilvist ein poliklinikk, der dei blir vurdert, og utgreiing og behandling satt i verk. Dei aller fleste vil klare seg med dei ordinære behandlingstiltaka som ein gjer i ein poliklinikk, men av og til opplever ein ikkje betring og har behov for meir behandling. Dersom det blir vurdert som aktuelt og nødvendig, kan ein forsterke det polikliniske tilbodet med ambulante tenester, dagtilbod eller døgninnlegging på sjukehus.

Det blir utarbeidd ein behandlingsplan på grunnlag av konklusjonen etter diagnostisk vurdering som inneheld ein kort gjennomgang av utgreiing, konklusjon og foreslåtte tiltak. Planen blir drøfta og justert i samråd med pasienten, og eventuelt føresette.

Poliklinisk behandling med ambulante tenester

Ambulante tenester kan vere ei forsterking av poliklinisk behandlingstilbod og eit tillegg til ordinær poliklinisk behandling. Her møter behandlarane barnet/ungdomen og foreldra heime, støtter i måltidssituasjonen og bruk av kostliste osv. Ein kan vere tett på, med dagleg oppfølging i ei intensiv, men tidsavgrensa periode.

Behandling ved døgneiningar

Dersom ein ikkje kjem til mål med dei behandlingsintervensjonane som nemnt over, vil det kunne vere aktuelt med innlegging i døgneining på sjukehus.

Ei innlegging skjer oftast ut i frå behov for akutt hjelp, der allmenntilstand ofte er dårleg. Døgninnlegging kan også vere aktuelt ved alvorlege spiseforstyrringar som har stått på meir over tid. Drøfting skal skje i forkant, slik at innlegginga skjer på best mogleg måte for barnet/ungdomen.

Familieinnlegging i ei avgrensa periode, er eit alternativ til døgninnlegging av ungdommen åleine, spesielt når pasienten er under 16 år. Ein kan då sette saman behandlingsteam frå ulike einingar/team.

 

Behandlinga vil som oftast innehalde:

Ernæring

Kostliste er god hjelp anten pasienten overspiser, kastar opp eller spiser lite. Spiselista bør utarbeidast saman med pasienten og føresette. Her må ein vurdere alder, kroppslege/somatiske forhold og fysisk aktivitet.

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet må tilpassast spiselista og somatisk status.

Fysioterapi

Mange vil også ha nytte av tilvising til fysioterapeut, gjerne ein med psykomotorisk utdanning og/eller med interesse for spiseforstyrringar. Formålet vil mellom anna vere å forholde seg til eigen kropp, klare å slappe av, og å drive kontrollert aktivitet. Ansvarleg behandlar tilviser til fysioterapeut når det blir vurdert som aktuelt.

Medikamentell behandling

Den finst ingen medikament som fungerer direkte på spiseforstyrringa. Det er tilleggssymptoma eller dei komorbide tilstandane som eventuelt må behandlast, som til dømes tvangstankar/-handlingar, depresjon, angst og søvnvanskar.

Psykoterapeutisk behandling

Psykoterapi tyder behandling av psykisk lidingar ved hjelp av psykologiske metodar, vanlegvis samtale. Det er altså et vidt omgrep som gjeld mange metodar (individualterapi, familieterapi/foreldrearbeid, gruppebehandling, kunst- og uttrykksterapi). I terapi er det viktig at pasienten/familien føler seg tatt vare på og lytta til.

3. Oppfølging

Barn og unge som har spiseforstyrring vil ofte ha behov for langvarig oppfølging frå mange ulike instansar. Derfor bør det bli utarbeidd ein individuell plan og opprette ansvarsgruppe.

I saker med alvorleg spiseproblematikk skal ein jobbe for å få til trygge og glidande overgangar i ei overføring mellom ulike tenester og behandlingsnivå, men også ved bytte av behandlar.

BUP avsluttar saker som hovudregel når ungdommen er 18 år. Dersom det er behov for vidare behandling/oppfølging etter 18 år kan det vere aktuelt å overføre saka til psykisk helsevern for vaksne.

Epikrise skal sendast tilvisande instans innan 7 dagar etter avslutning.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Kontakt

Poliklinikk Volda BUP
Telefon
70 05 85 70
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Tilvisingsskjema BUP

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.