Svangerskapsdiabetes, Ålesund

Gynekologisk poliklinikk Ålesund

 

Svangerskapsdiabetes er ein type diabetes som blir oppdaga eller oppstår i graviditeten. Det kan gi auka risiko for svangerskapsforgiftning og føre til komplikasjonar under fødselen, blant anna fordi barnet kan få høg fødselsvekt.

1. Før

HbA1c - Måling av langtidsblodsukkerverdi

Det er anbefalast blodprøve med måling av langtidsblodsukkerverdi (HbA1c) dersom du:

  • Har hatt svangerskapsdiabetes i tidlegare svangerskap
  • Har foreldrer som har diabetes
  • Har etnisk bakgrunn frå land utanfor Europa og / eller 
  • Har BMI/kroppsmasseindeks over 30

Blodprøven bør helst bli tatt før svangerskapsveke 12. Dersom resultatet viser verdiar utanfor normalverdi, blir du anbefalt eigenmåling av blodsukkerverdiane . Du vil få opplæring i dette. Du vil også få opplæring og råd om kosthald og fysisk aktivitet. Fastlege eller jordmor med ansvar for svangerskapskontrollane dine vil leggje ein plan for og informere deg om vidare oppfølging.

Glukosebelastningstest

Ein glukose- eller sukkerbelastningstest blir brukt til å undersøkje kroppen sin evne til å regulere blodsukkernivået. Undersøkinga blir brukt til å stille diagnosen diabetes.

Glukosebelastningstest blir anbefalt i veke 24-28 for:

  • Førstegangsfødande over 25 år
  • Fleirgongsfødande over 40 år
  • Kvinner med BMI over 25 ved svangerskapets begynnelse
  • Kvinner med foreldrer som har diabetes
  • Kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes i tidlegare svangerskap
  • Kvinner som har etnisk bakgrunn utanfor Europa

Dersom testen er normal treng du ikkje å ta glukosebelastningtest igjen sjølv om det seinare i svangerskapet er sukker i urinprøvene dine.

Dersom langtidsblodsukkerverdiane (HbA1c) ved blodprøven var utanfor normalverdi, treng du ikkje å ta glukosebelastningstest.


2. Under

Blodsukkermåling

Dersom glukosebelastningen eller HbAc1-prøven viser at du bør starte med å måle blodsukker, vil du få opplæring i måling av blodsukker samt ei oversikt over kor tid og kor ofte du skal måle.

Resultata frå blodsukkermålingane blir vurdert når du kjem til svangerskapskontroll hos eigen lege eller jordmor. Du får hjelp til å sette i verk tiltak dersom det er nødvendig for å halde blodsukkernivået innanfor normalverdiane.

Det blir anbefalt at du måler og noterer blodsukkeret ditt 3 gonger dagleg:

  • Før frukost (fastande)
  • 2 timar etter du startar å ete frukost
  • 2 timar etter du startar å ete middag

Blodsukkerverdiane bør vere under 5,3 mmol/l når du er fastande - og under 6,7 mmol/l to timer etter måltid.

Dersom du målar 3-4 blodsukkerverdiar i løpet av 2-3 veker som er over desse verdiane, bør du tilvisast til sjukehuset / til ein diabeteslege for å bli vurdert om du treng medisinar for å regulere blodsukkernivået.

Kost og aktivitet

Ved påvist svangerskapsdiabetes er det viktig at du følgjer dei råda du får om kost, levesett og aktivitet, samt at du møter til dei kontrolltimane du blir sett opp med. Dette er viktig for helsa di og barnet sin vekst og utvikling i svangerskapet, og for fremtidig helse for deg og barnet.

Dei fleste med påvist svangerskapsdiabetes klarer å regulere blodsukkernivået med kostregulering og regelmessig fysisk aktivitet, og kan derfor fortsetje med hos eigen lege / jordmor. 

Alle gravide anbefalast å ha eit variert kosthald med grove kornprodukt, grønsaker, frukt og bær, magre meieriprodukt, fisk, bønner, linser, erter og nøtter. Mengda av tilverka kjøt, raudt kjøt og matvarar med mykje metta fett, sukker og salt bør avgrensast. For eit jamnt blodsukker er det gunstig å ha regelmessige måltid, og at maten blir fordelt over fleire måltid utover dagen.

3. Etter

Både ditt og barnets blodsukker blir sjekka dei første dagane etter fødselen. For dei fleste kvinner med svangerskapsdiabetes vil blodsukkerverdiane normalisere seg raskt etter fødselen.

Helsedirektoratet anbefaler alle kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes å kontrollere langtidsblodsukkerverdiane (HbA1c) 4 månadar etter fødselen. Denne blodprøven kan du ta hos fastlegen din. Hugs at du sjølv må bestille time for å få tatt prøven.

Det blir også anbefalt at alle kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes årleg kontrollerer langtidsblodsukkerverdiane (HbA1c). Dette gjeld også i forkant av eit nytt svangerskap.

Barn av mødrer med svangerskapsdiabetes har auka risiko for å få for lågt blodsukker etter fødselen. For lågt blodsukker er ein risikofaktor for den nyfødde- Blodsukkerverdiane vil derfor bli målt 3 gonger etter fødselen - eller inntil barnet har stabilt blodsukker. For å unngå for lågt blodsukker hos barnet, vil barnet ofte trenge litt ekstra mat / mjølk fram til mjølkeproduksjonen din kjem i gang. Dersom du har brukt insulin i svangerskapet kan det vere behov for at barnet blir observert dei første timene etter fødselen.

Kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes har auka risiko for å få diabetes seinare i livet. Eit sunt kosthald og mosjon er dei viktigaste tiltaka for å førebygge diabetes, eventuelt også vektreduksjon.

Ver merksam

Dersom du har meir enn to målingar over anbefalte verdiar i løpet av ei veke, tydar det på behov for tiltak. Du må då kontakte jordmor, lege eller sjukehuset.

Tiltak som kan vere aktuelle er endringar i kosten, oppstart av medisinsk behandling med tablettar eller insulin, eller høgare dosar om du allereie bruker tablettar eller insulin.

 

Kontakt

Gynekologisk poliklinikk Ålesund
Telefon
70105445
måndag - fredag 09:00 - 14:30
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70105000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.