Behandling av svangerskapsdiabetes går ut på å overvåke blodsukkeret og regulere kosthald og fysisk aktivitet. Det kan også vere aktuelt å bruke medisinar.
Blodsukkermåling
Dersom glukosebelastinga eller måling av langtidsblodsukker viser at du sjølv bør starte med å måle blodsukker jevnleg, vil du få opplæring i dette og ei oversikt over kor tid og kor ofte du skal måle.
Resultata frå blodsukkermålingane blir vurdert når du kjem til svangerskapskontroll. Dersom det er nødvendig å gjere noko for å halde blodsukkernivået innanfor normalverdiane, vil du få hjelp til det.
Du bør mål blodsukkeret ditt tre gonger dagleg, og notere resultatet for kvar gong:
- Før frukost (fastande)
- 2 timar etter du startar å ete frukost
- 2 timar etter du startar å ete middag
Blodsukkerverdiane bør vere under 5,3 mmol/l før du et (når du er fastande) - og under 6,7 mmol/l to timer når du har ete.
Dersom du målar 3-4 blodsukkerverdiar i løpet av 2-3 veker som er over desse verdiane, bør du tilvisast til sjukehuset / til ein diabeteslege som kan vurdere om du treng medisinar for å regulere blodsukkernivået.
Kost og aktivitet
Om det viser seg at du har svangerskapsdiabetes er det viktig at du følgjer dei råda du får om kost, livsstil og aktivitet, og at du møter til dei kontrolltimane du får. Dette er viktig for helsa di og barnet sin vekst og utvikling i svangerskapet, og for framtidig helse for deg og barnet.
Dei fleste med svangerskapsdiabetes klarer å regulere blodsukkernivået ved å legge om kosthaldet og vere i regelmessig fysisk aktivitet. Dei kan derfor fortsetje med svangerskapskontrollar hos eigen lege / jordmor.
Alle gravide anbefalast å ha eit variert kosthald med grove kornprodukt, grønsaker, frukt og bær, magre meieriprodukt, fisk, bønner, linser, erter og nøtter. Mengda av tilverka kjøt, raudt kjøt og matvarar med mykje metta fett, sukker og salt bør avgrensast. For eit jamnt blodsukker er det bra å ha regelmessige måltid, og fordele maten over fleire måltid.