HELSENORGE
Gynekologisk poliklinikk Volda

Svangerskapsdiabetes, Volda

Svangerskapsdiabetes er ein type diabetes som blir oppdaga eller oppstår i graviditeten. Det kan gi auka risiko for svangerskapsforgifting og føre til komplikasjonar under fødselen, mellom anna fordi barnet kan få høg fødselsvekt.

Før

I utgreiing av eventuell svangerskapsdiabetes er det to prøvar eller undersøkingar som er aktuelle: Måling av langtidsblodsukkerverdi og glukosebelastningstest:

HbA1c - Måling av langtidsblodsukkerverdi

Det er anbefalast blodprøve med måling av langtidsblodsukkerverdi (HbA1c) dersom du:

  • Har hatt svangerskapsdiabetes i tidlegare svangerskap
  • Har foreldrer med diabetes
  • Har etnisk bakgrunn frå land utanfor Europa
  • Har BMI/kroppsmasseindeks over 30

Blodprøven bør helst bli tatt før svangerskapsveke 12. Dersom resultatet viser verdiar utanfor normalverdi, anbefaler vi at du begynner med eigenmåling av blodsukkerverdiane . Du vil få opplæring i dette. Du vil også få opplæring og råd om kosthald og fysisk aktivitet. Fastlege eller jordmor med ansvar for svangerskapskontrollane dine vil legge ein plan for vidare oppfølging og informere deg om den.

Dersom blodprøven viser at langtidsblodsukkerverdiane var forhøga, treng du ikkje å ta glukosebelastningstest.  

Glukosebelastningstest

Ein glukose- eller sukkerbelastningstest viser kroppen sin evne til å regulere blodsukkernivået. Undersøkinga blir brukt til å stille diagnosen diabetes.

Glukosebelastningstest blir anbefalt i veke 24-28 for:

  • førstegangsfødande over 25 år
  • fleirgongsfødande over 40 år
  • kvinner med BMI over 25 ved svangerskapets begynnelse
  • kvinner med foreldrer med diabetes
  • kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes i tidlegare svangerskap
  • kvinner som har etnisk bakgrunn utanfor Europa

Dersom testen er normal treng du ikkje å ta glukosebelastningtest igjen sjølv om det seinare i svangerskapet er sukker i urinprøvane dine.

Dersom langtidsblodsukkerverdiane (HbA1c) ved blodprøven var utanfor normalverdi, treng du ikkje å ta glukosebelastningstest.

Under

Behandling av svangerskapsdiabetes går ut på å overvåke blodsukkeret og regulere kosthald og fysisk aktivitet. Det kan også vere aktuelt å bruke medisinar. 

Blodsukkermåling

Dersom glukosebelastinga eller måling av langtidsblodsukker viser at du sjølv bør starte med å måle blodsukker jevnleg, vil du få opplæring i dette og ei oversikt over kor tid og kor ofte du skal måle.

Resultata frå blodsukkermålingane blir vurdert når du kjem til svangerskapskontroll. Dersom det er nødvendig å gjere noko for å halde blodsukkernivået innanfor normalverdiane, vil du få hjelp til det.

Du bør mål blodsukkeret ditt tre gonger dagleg, og notere resultatet for kvar gong:

  • Før frukost (fastande)
  • 2 timar etter du startar å ete frukost
  • 2 timar etter du startar å ete middag

Blodsukkerverdiane bør vere under 5,3 mmol/l  før du et (når du er fastande) - og under 6,7 mmol/l to timer når du har ete.

Dersom du målar 3-4 blodsukkerverdiar i løpet av 2-3 veker som er over desse verdiane, bør du tilvisast til sjukehuset / til ein diabeteslege som kan vurdere om du treng medisinar for å regulere blodsukkernivået.

Kost og aktivitet

Om det viser seg at du har svangerskapsdiabetes er det viktig at du følgjer dei råda du får om kost, livsstil og aktivitet, og at du møter til dei kontrolltimane du får. Dette er viktig for helsa di og barnet sin vekst og utvikling i svangerskapet, og for framtidig helse for deg og barnet.

Dei fleste med svangerskapsdiabetes klarer å regulere blodsukkernivået ved å legge om kosthaldet og vere i regelmessig fysisk aktivitet. Dei kan derfor fortsetje med svangerskapskontrollar hos eigen lege / jordmor. 

Alle gravide anbefalast å ha eit variert kosthald med grove kornprodukt, grønsaker, frukt og bær, magre meieriprodukt, fisk, bønner, linser, erter og nøtter. Mengda av tilverka kjøt, raudt kjøt og matvarar med mykje metta fett, sukker og salt bør avgrensast. For eit jamnt blodsukker er det bra å ha regelmessige måltid, og fordele maten over fleire måltid.

Etter

Dei første dagane etter fødselen måler vi både ditt og barnets blodsukker. For dei fleste kvinner med svangerskapsdiabetes vil blodsukkerverdiane normalisere seg raskt etter fødselen.

Kontroll etter fire månader

Alle kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes bør få kontrollert langtidsblodsukkerverdiane fire månadar etter fødselen. Denne blodprøven kan du ta hos fastlegen. Hugs at du sjølv må bestille time.

Årleg kontroll

Alle kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes bør få kontrollert langtidsblodsukkerverdiane årleg. Dette gjeld også før eit nytt svangerskap.

Kontroll av barnets blodsukker

Barn av mødrer med svangerskapsdiabetes har auka risiko for å få for lågt blodsukker etter fødselen. For lågt blodsukker er risikabelt for nyfødde. Barnets blodsukkerverdiar vil derfor bli målt tre gonger etter fødselen - eller inntil barnet har stabilt blodsukker. Barnet vil ofte trenge litt ekstra mat / mjølk fram til mjølkeproduksjonen din kjem i gang, for å unngå for lågt blodsukker. Dersom du har brukt insulin i svangerskapet kan det vere behov for at barnet blir observert dei første timene etter fødselen.

Kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes har auka risiko for å få diabetes seinare i livet. Eit sunt kosthald, mosjon og eventuelt vektreduksjon er dei viktigaste tiltaka for å førebygge diabetes.

Ver merksam

Dersom du har meir enn to målingar over anbefalte blodsukkerverdiar i løpet av ei veke må du kontakte jordmor, lege eller sjukehuset.

Tiltak som kan vere aktuelle er endringar i kosten, oppstart av medisinsk behandling med tablettar eller insulin, eller høgare dosar om du allereie bruker tablettar eller insulin.

 

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

Ved Volda sjukehus finn du dei fleste parkeringsplassane på oppsida (nordsida) av sjukehuset. I tillegg er det noko parkeringsareal mellom DPS-et og hovudbygget. 

Det er kostnadsfritt å parkere ved sjukehuset. HC-parkering ved hovudinngangen, akuttmottaket, DPS og BUP. Det er moglegheit for av- og påstiging rett utanfor hovudinngangen.

Parkering ved Volda sjukehus. Oversiktsbilde med markeringar.


 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

Søsken til den nyfødte er velkomen mellom kl 17 og 18, eller etter nærare avtale. 

Besøkstid for besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Spisestader

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?