Tilbodsoversikt for Raskare tilbake

Desse tilboda har Helse Møre og Romsdal som ein del av den nasjonale Raskare tilbake satsinga.

Psykisk helsevern


Foto: Colourbox

Vi tilbyr inntil åtte polikliniske samtalar i våre fire poliklinikkar. Dette blir intensiv behandling, der ein m.a. vil bruke den kognitive og den meta kognitive behandlingsmodellen.

Stadar

  • Psyk.poliklinikk i Kristiansund
  • Psyk.poliklinikk i Molde
  • Psyk.poliklinikk i Ålesund
  • Psyk.poliklinikk i Volda


Målgruppe

Personar som er sjukmelde eller står i fare for å bli det.

Kontakt

Ekspedisjonen ved din lokale psykiatriske poliklinikk.

Tilvising

Tilvising frå fastlege. Den skal merkast ”Raskare tilbake” og sendast til den aktuelle poliklinikken.

Muskel-, skjelett- og samansette lidingar

 

Vi tilbyr eit tre vekers opphald med ein kombinasjon av gruppe og individuell behandling av vårt tverrfaglege team. Dette inneber fysioterapi/trening i sal og basseng, friluftsliv, rådgiving og temaundervising. Som ein del av behandlingstilbodet vil det også bli sett fokus på arbeidssituasjonen til kvar enkelt, forholdet til arbeidsgivar , rettar og plikter som arbeidstakar og samarbeid med NAV. Alle deltakarar vil få ein individuell oppfølging 4 månader etter opphaldet.

Stad

  • Aure Rehabiliteringssenter

Målgruppe

  • Du er motivert for å kome i jobb, sjukemeldt, eller står i fare for å bli sjukemeldt
  • Du bør helst ikkje ha vore ute av arbeid i meir enn 6 månader

Kontakt

Prosjektleiar Lena Huseby 71 64 79 00

Tilvising

Tilvising frå legar, manuellterapeutar og kiropraktorar. Den skal merkast "Raskare tilbake" og sendast til Aure rehabiliteringssenter.

Nevrologisk poliklinikk ved Molde sjukehus

 

Poliklinisk utgreiing.

Stad

  • Molde sjukehus, nevrologisk poliklinikk

Målgruppe

Pasientar med mistanke om nevrologisk sjukdom. Dette gjeld pasientar som er sjukemeldt eller står i fare for å bli sjukemeldt.

Kontakt

Nevrologisk poliklinikk 71 12 04 79

Tilvising

Tilvising frå legar, manuellterapeutar og kiropraktorar. Den skal merkast "Raskare tilbake" og sendast til nevrologisk poliklinikk ved Molde sjukehus.

Rus- og avhengigheitsbehandling

Dersom du står i fare for å bli sjukmeldt eller er sjukmeldt fordi du er rusavhengig eller har ein rusavhengig i familien kan du bli tilvist  til oss på denne ordninga. Du må ta kontakt med fastlegen din og be om at det blir sendt ei tilvising til oss. Tilvisinga skal merkast «Raskare tilbake». Når du er søkt inn på sjukepengeordninga Raskare tilbake medfører dette at du vil få raskare tilbod om time fordi spesialisthelsetenesta har fått øyremerka tilskot for å gi eit tilbod til dei som er i arbeid og er sjukmeldt eller står i fare for å bli sjukmeldt.

Brosjyre om sjukepengeordninga Raskare tilbake (PDF)

 


 

Tverrfagleg ryggpoliklinikk og kurssenter i Molde

 

Pasienten får ein grundig førstegangsvurdering av fysioterapeut. Vurderinga inneheld funksjonsundersøking, informasjon om funn i undersøkinga, og samtale/rådgiving om kva pasienten kan gjere for å fungere betre i kvardagen. Dersom funksjonsundersøkinga gir mistanke om alvorleg sjukdom eller grunn til operasjon, vil vi kontakte nevrolog som vurderar vidare utgreiing og behandling.

Vi har fleire behandlingstilbod: 10 dagars ryggkurs + 1 oppfølgingsdag etter 1-2 månader. Kurset inneheld både praktisk trening i sal, basseng og trening ute i tillegg til teoriundervising. Klinisk ernæringsfysiolog og lege har undervising i tillegg til fysioterapeutar.

I tillegg tilbyr vi gruppetrening i sal 1-3 gongar pr veke, basseng 1 gong pr veke, individuelle oppfølgingstimar med meistringsorienterte samtalar eller/og individuell trening/rådgjeving. Vi tilbyr individuelle behandlingstimar med kognitiv terapi til pasientar med spesielt behov for dette.

I alle våre tilbod har vi fokus på at pasienten skal bli sin beste behandlar for ryggen sin – og læring og bevisstgjering om eigen situasjon står difor sentralt.

Stad

Moldehallen, Verftsgata 10, 2 etasje

Målgruppe

Tverrfagleg ryggpoliklinikk og kurssenter er eit spesialisert behandlingstilbod for menneske med ryggplager.

Kontakt

Prosjektleiar Marianne Sletnes 71 12 05 08.

Tilvising

Tilvising frå legar, manuellterapeutar og kiropraktorar. Den skal merkast "Raskare tilbake" og sendast til tverrfaglig ryggpoliklinikk og kurssenter ved nevrologisk poliklinikk, Molde sjukehus.

Tverrfagleg ryggpoliklinikk ved Ålesund sjukehus

 

I tverrfagleg ryggpoliklinikk arbeider lege/legespesialist, fysioterapeutar, manuellterapeut og arbeidsrådgivar. Etter utgreiingstime hos lege og fysioterapeut legg vi opp eit 3 månaders individuelt behandlingsprogram, gjerne i samarbeid med primærhelsetenesta. Behandlinga er både individ- og gruppebasert, t.d. individuell treningsrettleiing hos fysioterapeut, individuelle samtalar hos arbeidsrådgivar og trening i gruppe. Vi har også undervising i gruppe. Vi har regelmessige samarbeidsmøte med legespesialist i ortopedi. Behandlinga er lagt opp etter dei Nasjonale kliniske retningslinene for korsryggsmerter (sjå www.formi.no). Alle faggrupper legg vekt på ei kognitiv tilnærming.

Stad

  • Klinikk for rehabilitering, Ålesund sjukehus, avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, poliklinikkseksjonen


Målgruppe

Personar med tilknyting til arbeidslivet, primært dei som står i fare for å bli sjukmelde eller allereie er sjukmelde, og som i tillegg har:

  • Vedvarande eller stadig tilbakevendande ryggsmerter og/eller isjialgi.
  • Plager med varigheit (gjeldande for aktuelle episode); minst 6-8 veker og maksimum 12 månader.
  • Betydeleg redusert funksjonsevne.
  • Manglande effekt av tiltak i primærhelsetenesta.

Kontakt

Prosjektleiar Audun Kopperstad 70 10 57 51.

Tilvising

Tilvising frå legar, manuellterapeutar og kiropraktorar. Den skal merkast ”Raskare tilbake” og sendast til avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, poliklinikkseksjonen.

  • Før tilvising skal behandling i primærhelsetenesta normalt vere utprøvd.
  • Avdelinga har også eit tverrfagleg tilbod til ryggpasientar som ikkje fyller vilkåra for Raskare tilbake.

 

Tverrfagleg skulderpoliklinikk ved Ålesund sjukehus

 

I tverrfagleg skulderpoliklinikk arbeider lege/legespesialist, fysioterapeut, manuellterapeut og arbeidsrådgivar. Pasienten vert utgreia av lege/legespesialist i samarbeid med fysioterapeut. Vi legg opp til eit individuelt behandlingsprogram over 3 månader. Oppfølging hos arbeidsrådgivar ved behov. Vi har regelmessige samarbeidsmøte med legespesialist i ortopedi.

Stad

  • Klinikk for rehabilitering, Ålesund sjukehus, avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, poliklinikkseksjonen

Målgruppe

Personar med tilknyting til arbeidslivet, primært dei som står i fare for å bli sjukmelde eller allereie er sjukmelde. Aktuelle pasientar kan ha belastnings- eller skaderelaterte skulderplager. Primære myalgiar eller utbreidde muskelsmerter vil ha betre utbytte av andre tilbod.

Kontakt

Prosjektleiar Audun Kopperstad 70 10 57 51.

Tilvising

Tilvising frå legar, manuellterapeutar og kiropraktorar. Den skal merkast "Raskare tilbake" og sendast til avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, poliklinikkseksjonen.

  • Før tilvising skal behandling i primærhelsetenesta normalt vere utprøvd.
  • Avdelinga har også eit tverrfagleg tilbod til skulderpasientar som ikkje fyller vilkåra for Raskare tilbake.

 

Smertepoliklinikken ved Ålesund sjukehus

 

Smertepoliklinikken tilbyr ei tverrfagleg vurdering ved smertelege, smertesjukepleiar og smertefysioterapeut. Vi gjer først ei felles vurdering, deretter oppfølging hos den enkelte smertespesialist. All behandling er tverrfagleg samarbeid.

Vi har eiga avspenningsgruppe og meistringskurs.

  • Meistringskurset er 1 gong pr. veke i åtte veker. Det er 8 deltakarar pr kurs og dette kurset vert arrangert fire gonger i året.
  • Avspenningsgruppa er 1 gang pr veke og inneheld øvingar i avspenning, yoga, mindfulness og meistring.


Stad

Ålesund sjukehus, 1. etasje.

Målgruppe

Pasientar med kroniske smerter som ikkje er kreftsmerter.

Kontakt

Smertepoliklinikken Ålesund sjukehus 70 10 52 63.

Tilvising

Tilvising frå legar, manuellterapeutar og kiropraktorar. Den skal merkast "Raskare tilbake" og sendast til smertepoliklinikken ved Ålesund sjukehus.



lnformasjon om tilvising