HELSENORGE
BUP poliklinikk Ålesund

Tvangsliding hos barn og ungdom, Ålesund

Tvangsliding eller OCD (Obsessive Compulsive Disorder) er ei liding som er prega av tilbakevendande uønska tvangstankar og/eller tvangshandlingar. Behandlinga er kognitiv terapi inklusiv eksponering med responsprevensjon (ERP), eventuelt supplert med medikamentell behandling.

Innleiing

Dei fleste med OCD har begge delar, både tvangstankar og tvangshandlingar. Tvangstankar er vedvarande tankar, tankebilde, impulsar eller fantasiar som blir opplevd som meiningslaus og tek mykje tid og energi. Dei er årsak til ubehag, angst, av og til isolasjon og er i varierande grad funksjonsnedsettande.  Tvangshandlingar blir gjort for å hindre dette ubehaget og/eller unngå at noko frykteleg skal skje. Ofte blir dei gjort i bestemte mønstre eller ritual, som til dømes i form av vasking, kontrollering, telling og symmetri.

Behandlinga er eksponering med responsprevensjon (ERP) saman med kognitiv terapi. Denne type behandling viser seg å ha effekt på 60-70 % av personar med OCD. Den startar etter ei grundig utgreiing av dine vanskar og strekk seg vanlegvis over 2-3 månader.

 

Tilvising og vurdering

For å få utgreiing og/eller behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising.

Lege, psykolog, helsesøster, Barne- og familietjeneste, PPT og barnevern er dei som kan tilvise barn og unge til BUP. Alle tilvisingar skal vere vurdert og skrive under av lege, psykolog eller barnevernsleiar, og det skal brukast eit eige tilvisingsskjema som sendast til den lokale BUP poliklinikk.

Spesialisthelsetenesta vil då på bakgrunn av prioriteringsvegleiaren "Psykisk helsevern for barn og unge" avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Tilvisningar skal vurderast innan 10 virkedagar. Maksimumsfrist for inntak er 12 veker.

OCD-team

Ved BUP Ålesund er det oppretta eit spesialteam som arbeider med OCD-pasientar frå heile fylket. Du blir først henvist til lokal BUP som så sender ei intern tilvising til behandling i OCD-teamet. Utgreiinga skjer då ved BUP Ålesund og deler av behandlinga kan òg skje her, men den kan også bli gjennomført ved heimebesøk eller ved hjelp av telematikk (til dømes FaceTime).  Korleis behandlinga skal leggast opp og kor vi skal møtast, vert individuelt vurdert.

Utgreiing

Når tilvisinga er vurdert og det blir gitt rett til naudsynt helsehjelp, vil du bli kalla inn til ein inntakssamtale, eventuelt saman med foreldre/føresette.

Før du startar i behandling for tvangsliding må du igjennom ei utgreiing for å avklare diagnosen nærare. Dette for at behandlaren skal tilpasse behandlinga di best mogleg og kunne sjå bort frå eventuelle andre lidingar (komorbide tilstandar). På bakgrunn av tilvisinga og inntakssamtale vil det bli utarbeidd ein utgreiingssplan som inneheld oversikt over planlagt utgreiing, og den blir lagt fram for deg, evt. saman med føresette.

Utgreiinga vil som oftast vere:

•  Relevante testar og intervju, som på fagspråket blir kalla strukturerte diagnostiske intervju.
•  Relevante skjema som du og evt. føresette skal fylle ut sjølv (sjølvrapporteringsskjema).
•  Informasjon om sjukdomshistoria di (anamnese, inklusiv familieanamnese).
•  Observasjonar frå behandlarar (kliniske observasjonar).

Etter at utgreiinga er ferdig vil det bli gjennomført ein diagnostisk vurdering, som inneheld ein kort gjennomgang av utgreiing, konklusjon og forslag til tiltak.

Funn i samband med utgreiinga ved BUP poliklinikken kan føre til ei intern tilvising til vårt OCD-team. Når tilvisinga er vurdert, vil du bli kalla inn til utgreiing og eventuell behandling. Utgreiinga og behandlinga ved OCD-teamet er spesialisert og tidsavgrensa.

Behandling

Behandlingsplan blir utarbeidd på grunnlag av konklusjon etter diagnostisk vurdering og inneheld ein kort gjennomgang av utgreiing, konklusjon og foreslåtte tiltak. Planen blir drøfta og justert i samråd med deg, evt. saman med foreldre/føresette.

Det finst to dokumenterte aktive behandlingsmetodar for OCD: Kognitiv terapi og eksponering med responsprevensjon (ERP) og medikamentell behandling.

Når vi her snakkar om kognitiv terapi blir det som regel nytta kognitiv åtferdsterapi og metakognitiv terapi.

Les meir om

 

Les meir om

 

Tilleggsbehandlingar:

Den primære behandlinga skjer med kognitiv terapi saman med eksponeringsterapi med responsprevensjon (ERP). I behandlingstida kan det vere aktuelt å tilby deltaking i gruppe for personar med liknande problematikk/tvangsliding.

Oppfølging

Etter fullført behandlingsforløp blir det gjennomført ny gjennomgang av grunnleggjande kartleggingsintervju for tvangslidingar. Dette blir som regel gjort av ein annan behandlar og skal bidra til å sikre at opplevd behandlingseffekt er reell.

Det blir gjennomført kontrollar av status 3 og 6 månadar etter avslutta behandling. Ved behov blir såkalla booster-timer (repetisjonstimar) utført i samband med kontrollane. Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg må ytterlegare behandling bli vurdert. Din eigeninnsats er heilt avgjerande for vellukka behandlingsresultat, men også for å opprettholde fråveret av tvangslidinga.

Behandlingsprogrammet blir avslutta dersom vanskane er borte eller så reduserte at funksjonsnivået har auka tilstrekkeleg.

Dersom du er rimeleg symptomfri ved kontroll etter 3 månadar, vert saka avslutta og henvisande poliklinikk sender epikrise. Vi tek likevel ein ny kontroll ved 6 månadar. 
Når det gjeld avslutning/oppfølging vil det alltid bli gjort individuell vurdering.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Forløpskoordinator psykisk helsevern for barn og ungdom

​​​​​Forløpskoordinator skal informere, rettleie og gi råd om pakkeforløp før pasientforløpet er starta og fagperson er tildelt. Pasient, pårørande, fastlegar og andre aktuelle i kommunehelsetenesta kan ta direkte kontakt med koordinator for informasjon.

97640944

Telefontid måndag til fredag frå kl 8.00-11.30 og 12.00-1600

 

Kva er eit pakkeforløp? Les meir på helsenorge.no

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Tilvisingsskjema BUP

Fann du det du leita etter?