Tverrfagleg ryggpoliklinikk - Raskare tilbake

Poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering Ålesund

Ryggsmerte er svært vanleg og ofte ei årsak til sjukefråvær. Etter at diagnose er stilt hos fastlege, skal ryggpasientar som hovudegel ha behandling i primærhelsetenesta. Dersom tiltak i primærhelsetenesta ikkje fører fram, kan tilvising til sjukehus vere aktuelt. Tilvising til tverrfagleg rehabilitering med kognitiv tilnærming vert i fylgje nasjonale retningslinjer tilrådd etter 6-8 veker.

Tilvising og vurdering

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

«Tverrfagleg ryggpoliklinikk – raskare tilbake» er eit tilbod til deg som har tilknyting til arbeidslivet, primært dei som står i fare for å bli sjukmelde eller allereie er sjukmelde. Tilbodet omfattar utgreiing og eventuelt ikkje-kirurgisk behandling, også kalla konservativ behandling.

2. Under

Utgreiinga startar med at du fyller ut kartleggingsskjema/spørjeskjema. Dette kompletterer konsultasjonen som vert gjennomført av lege og fysioterapeut. Samtale og utspørjing er ein viktig del av utgreiinga. Du kler av deg til undertøyet i samband med den kliniske undersøkinga. Når det er nødvendig blir utgreiinga supplert med prøvetaking og bildeundersøkingar. Set av 3 timar til utgreiinga.

3. Etter

Utgreiinga vert avslutta med munnleg tilbakemelding til pasient, inklusiv drøfting av tiltak. Pasient og tilvisar får skriftleg tilbakemelding/resultat med råd om tiltak.

Når det er aktuelt å iverksette tiltak ved sjukehuset, får du tilbod om eit individuelt behandlingsprogram, vanlegvis inntil 3 månader. Ryggteamet er legar, fysioterapeutar, manuellterapeut og arbeidsrådgivar som arbeider tett saman for å hjelpe deg til å nå  målet ditt. Behandlingsmetodane er kunnskapsbaserte og det vert lagt vekt på kunnskapsformidling, aktiv tilnærming med god treningsrettleiing, og eigeninnsats frå pasient. Finn gjerne meir informasjon om behandling av vond rygg på www.formi.no

Kontakt

Fysikalsk medisinsk poliklinikk
Telefon
70105751
måndag - fredag 08:00 - 15:30
Telefonen er stengd mellom 11:30 - 14:00 kvar dag
E-post
Postadresse
Helse Møre og Romsdal
Ålesund sjukehus
Avd. for fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.