Tverrfagleg skulderpoliklinikk - Raskare tilbake, Ålesund

Poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering Ålesund

Innleiing

Skuldersmerte førekjem ofte og kan vere årsak til sjukefråvær. Etter at diagnose er stilt hjå fastlege, skal skulderpasientar som hovedregel ha behandling i primærhelsetenesta. Dersom tiltak i primærhelsetenesta ikkje fører fram, kan tilvising til sjukehus vere aktuelt. Fastlege, manuellterapeut og kiropraktor kan tilvise.

1. Før

«Tverrfagleg skulderpoliklinikk – raskare tilbake» er eit tilbod til personar med tilknyting til arbeidslivet, primært dei som står i fare for å verte sjukmelde eller allereie er sjukmelde. Tilbodet omfattar utgreiing og eventuelt ikkje-kirurgisk behandling, også kalla konservativ behandling.

2. Under

Utgreiinga startar med at pasienten fyller ut kartleggingsskjema/spørjeskjema. Dette kompletterer konsultasjonen som vert gjennomført av lege og fysioterapeut. Samtale og utspørjing er ein viktig del av utgreiinga. Set av minst 2 timar. Når det er naudsynt vert utgreiinga supplert med prøvetaking og bildeundersøkingar.

3. Etter

Utgreiinga vert avslutta med munnleg tilbakemelding til pasient, inklusive drøfting av tiltak. Pasient og tilvisar får skriftleg tilbakemelding/resultat med råd om tiltak.
Når det er aktuelt å iverksette tiltak ved sjukehuset, vert ein tilboden eit individuelt behandlingsprogram, vanlegvis inntil 3 månader. Skulderteamet er legar, fysioterapeutar, manuellterapeut og arbeidsrådgivar som arbeider tett saman for å hjelpe pasienten til å nå  målet sitt. Behandlingsmetodene er kunnskapsbaserte og det vert lagt vekt på kunnskapsformidling, aktiv tilnærming med god treningsrettleiing, og eigeninnsats frå pasient.

Kontakt

Oppmøte
Poliklinikken held til i underetg. Følg merkinga til Avd. for fysikalsk medisin og rehabilitering. Meld deg i luka.

Fysikalsk medisinsk poliklinikk

Telefon
70105751
måndag08:00 - 15:30
tysdag08:00 - 15:30
onsdag08:00 - 15:30
torsdag08:00 - 15:30
fredag08:00 - 15:30
Telefonen er stengd mellom 11:30 - 14:00 kvar dag
E-post
Postadresse
Helse Møre og Romsdal
Ålesund sjukehus
Avd. for fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.