Ultralyd av lever med kontrast, Ålesund

Radiologi Ålesund


Ultralyd er høgfrekvente lydbølger.
Lydhovudet på ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen og registrerer bølgene som kjem i retur. Lydbølgene blir analyserte og omdanna til eit bilete.

Innleiing

Vi utfører undersøkinga for å kunne stille ein sikker diagnose ved forandringar i lever, eller ved kontrollar av pasientar som har hatt kreft i tjukk- og endetarmen.  
Det blir gitt kontrastmiddel i blodåra (intravenøst) under undersøkinga. 

Ultralyd slik den vert nytta er ikkje skadeleg for kroppen.


 

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.



Sikre rett bruk av røntgenundersøkingar

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Det er nødvendig med gode kliniske opplysingar om sjukdommen til pasienten.
  • Vi treng informasjon om pasienten har diabetes.
  • Informasjon om kreatinin/eGFR, høgde og vekt må stå i tilvisinga.
    eGFR må rekvirerast primært ved prøvetaking og dato for prøvetakinga må ein fylle inn i tilvisinga. Det er ikkje lenger  nok å rekvirere kreatinin.
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi dette. Samt kva språk pasienten snakkar.
  • Ved akutt hjelp skal ein alltid sende med pasienten papirtilvising i tillegg til elektronisk tilvising.

1. Før

Førebuing heime

Du må faste dei siste fire timane før undersøkinga.
Du må ikkje ete, drikke, tygge tyggegummi eller røyke før etter undersøkinga.


Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga vert gitt ved innkalling eller ved avdelinga når time blir avtalt.

 


 
Frammøte

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

 

2. Under

Før sjølve undersøkinga får du innlagt ein veneflon i arma, som vert fjerna etter undersøkinga. 

Du blir også spurt om eventuelle reaksjonar på kontrastmiddel, som allergiar, astma og diabetes. Kontrasten medfører sjeldan ubehag, men ein kan føle ein forbigåande varme gjennom kroppen. 

Du blir bedt om å ligge på ein undersøkingsbenk. Du må ta av klede som dekker det området vi skal undersøke. 
 
Det vert nytta gele på huda som gjer at kontakten mellom huda og lydhovudet blir tett.
Ein radiograf set kontrastmiddel gjennom nåla i arma di. Dette i samarbeid med røntgenlegen.
Røntgenlegen flyttar lydhovudet over det aktuelle området mens vi tar ein serie av bilete. 

 
Undersøkinga varer som regel frå 15 til 30 minutt.

 

3. Etter

Etterpå vert du bedt om å sitje på venterommet i 30 minutt. Dette for å sikre at du ikkje reagerer på kontrastmiddelet i etterkant av undersøkinga.

Resultatet av undersøkinga
Bileta vert granska av ein røntgenlege som lagar ei beskriving av kva bileta viser.
Bileta og beskrivinga vert lagra i dataarkivet vårt.

Innan ei veke blir beskrivinga sendt til legen som tilviste deg.

Ver merksam

Kontrastmiddelet gir sjeldan biverknader.

Kontakt

Oppmøte
Avdeling for radiologi finn du i 2.etasje.
Bruk inngangen på nordsida av sjukehuset.

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Radiologi Ålesund
Telefon
70 10 55 40
måndag - fredag 08:00 - 15:30
E-post
Postadresse

Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Ålesund/Volda, seksjon Ålesund
Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund Sjukehus
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe:

  • Avdeling for radiologi, Ålesund sjukehus på telefon 70 10 55 40/41 mandag - fredag i tidsrommet 08:00 - 15:30.
  • Nukleærmedisin på telefon 70 10 56 27 eller 70 10 56 00 mandag - fredag i tidsrommet 07:30 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.