Ultralydrettleia prøve
Under undersøkinga er du avkledd på overkroppen og ligg på ein undersøkingsbenk. Røntgenlegen undersøker først brystet ditt med ultralyd og merkar av kvar ein skal ta vevsprøva. Huda over det aktuelle området blir reingjort med desinfeksjonsmiddel og det blir som oftast gitt lokalbedøving. Deretter blir ei eller fleire nåleprøver tatt med ultralydrettleiing, noko som gjer at vi heile tida kan sjå kvar nåla er.
Prøve ved hjelp av rettleiing frå røntgenapparat
Denne framgangsmåten er mykje lik ultralydrettleia prøve, men du må ligge eller sitte med brystet i eit mammografiapparat. I desse tilfella brukar vi som regel ei tjukkare nål enn ved ultralydrettleia prøve, noko som inneber at vi må legge trykk mot brystet ditt i nokre minutt etter prøvetakinga for å unngå bløding. I nokre tilfelle vil vi også legge på ein trykkbandasje etter prøvetaking. Dette vil du få god informasjon om når du er her, og du får også med eit informasjonsskriv når du reiser heim.
Prøvene blir sendt vidare til avdeling for patologi ved Molde sjukehus, der dei blir vidarebehandla og analysert i mikroskop.