Behandling
Videokonsultasjon NHN Delta
Ved konsultasjonar der fysisk undersøking ikkje er nødvendig, kan du få tilbod om å bruke videokonsultasjon. På denne sida finn du det du treng for å delta i videokonsultasjon. Det er viktig at du i god tid før avtalen les nøye gjennom informasjonen nedanfor.Video er hensiktsmessig for mange typar konsultasjonar og målet er at du skal sleppe å dra til sjukehuset når det ikkje er nødvendig. Videokonsultasjon passar ikkje for alle, og ved behov for undersøking eller inngrep, må du til sjukehuset. Spør behandlaren din om neste konsultasjon kan føregå på video.
Før
- For å kunne gjennomføre videokonsultasjon treng du smarttelefon, nettbrett eller pc/Mac med tilgang til kamera høgtalar og mikronfon.
- Du treng også stabilt internett og et eigna rom der du kan vere aleine. Rommet bør også ha godt lys slik at behandlaren din kan sjå deg godt.
- Planlegg samtalen i rimeleg tid slik at samtalen i størst mogleg grad kan gjennomførast utan avbrot.
- Test lyd og bilete dagen før videokonsultasjonen ved å gå til delta.nhn.no og følg lenke for "Test lyd og bilde". Ring 72 57 40 00 om du treng teknisk hjelp etter først å ha testa sjølv (ope kl 08:30-15:00). Har du ikkje fått epost, eller må endre time, kontaktar du poliklinikken.
Under
- Ta fram mobil, nettbrett eller PC. Sørg for at enheten er lada og kobla til internett.
- Finn fram innkallinga i epost (evnt kalender)
- Trykk «Trykk HER for å starte videokonsultasjonen»
- Nettside med «Velkommen til videokonsultasjon» åpnes – Velg «Delta som pasient».
- Logg inn med «BankID» for sikker verifisering – vel du elektronisk identifisering med SMS kode må du verifisere deg til behandlar etterpå.
- Gi videoløysinga tilgang til mikrofon og kamera, og i nettleser.
- Du er no i venterommet – vent til behandlaren slepp deg inn i videokonsultasjonen.
- Snu telefon/nettbrett for å få større bilete.
Ofte stilte spørsmål
Du kan støte på utfordringar, dette er ei hjelpeside kor du kan finne svar under.
Norske Helsenett har eigne hjelpesider - sjå om du finn løysing der. https://delta.nhn.no/hjelp
Etter
Videokonsultasjoner er sidestilt med fysisk oppmøte hos behandlar. Du mottek evnt faktura for eigenandel som ved fysisk oppmøte.
Viss du har spørsmål, ta kontakt med den avdelinga du er innkalla til. Kontaktinformasjon finn du i innkallingsbrevet.
Nyheiter
- 18. november 2021Pasientane er godt fornøgd med telefon- og videokonsultasjonar
98% av pasientane som har gjort videokonsultasjon hos Helse Møre og Romsdal gjer det gjerne igjen. Det viktigaste argumentet for pasientane var å unngå reisetida.
Artiklar
- Episode 2: Digitalisering og videokonsultasjonar
Innovasjonsrådgivar Christer Jensen og prosjektleiar Kathrin Enebakk gir deg innsikt i mange av dei spennande digitaliseringsprosjekta i Helse Møre og Romsdal, og ikkje minst fortel om korleis du får legen heim i stova di.