Videopoliklinikk

Videokonsultasjonar kan nyttast ved polikliniske kontrollar kor fysisk undersøking ikkje er nødvendig. Verktøyet "Skype for business" er godkjend for bruk i pasientkonsultasjonar i Helse Møre og Romsdal HF. På denne sida finn du  det du treng for å bli med og prøve ut videomøte med din behandlar.

Generell info om videokonsultasjonar

Generell info om videokonsultasjonar

Videokonsultasjonar kan no nyttast til utvalde kontrollar ved ein del poliklinikkar

Samtykke
Behandlar må ha munnleg samtykke frå deg for å kunne benytte videokonsultasjoner. Samtykke vert dokumentert, og du kan trekke dette tilbake utan at det går ut over behandlinga di. Du må også oppgi e-postadressa  di slik at vi kan sende innkallinga til denne.

Krav for å kunne delta på videokonsultasjoner:
1.  Du må ha ein mobiltelefon, nettbrett/bærbar PC
2.  «Skype for Business» installert på mobil/nettbrett
3. Tilkobla Wifi under videokonsultasjonen
4. E-post du kan lese på mobil, nettbrett/bærbar PC

Vidare er det krav om at du aktiverar ditt kamera under videokonsultasjonen slik at du og din behandlar kan sjå kvarandre

Kostnadar
Videokonsultasjoner er sidestilt med fysisk oppmøte hos behandlar. Du mottek faktura for eigenandel som ved fysisk oppmøte.

Førebuingar
Det er viktig at du har gjort deg kjend med teknologien i god tid før første videokonsultasjon. Last ned app og forsøk oppkobling til test-konsultasjon uker før videokonsultasjon. Sørg for at mobilen er lada og at du sit i eit stille rom.

Kva poliklinikker tilbyr videokonsultasjoner?
Eit begrensa utval poliklinikkar tilbyr videokonsultasjonar i starten. Spør din behandlar om moglegheita ved neste kontroll.

Spørsmål? Last ned brosjyre om videopoliklinikk:
Pasientbrosjyre_150519.pdf

Korleis bruke bærbar PC for videokonsultasjon?

Finn fram epost eller kalender med innkalling. Trykk «Bli med i Skype-møte»

Innkalling til videopoliklinikk

Velg at du vil «Installere og bli med».
videopoliklinikk 2

Når nedlasting startar må du velje «Kjør» for å installere tillegget til nettlesaren.
Etter installasjon og når du koplar opp til timen må du godta «Ja» å bli med i møtet.
videopoliklinikk

Skriv inn namnet og trykk OK for å vente i lobbyen.

vieopoliklinikk

Korleis bruke mobil/nettbrett for videokonsultasjon?

"Skype for business" er ein app for mobilar som nyttast til å gjennomføre videokonsultasjonar

Korleis laste ned app for videokonsultasjon?
«Skype for Business» er ein app for mobilar/nettbrett som nyttast til videokonsultasjoner. Det er viktig at du lastar ned app i god tid før videokonsultasjon og tester ut korleis den brukast, sjå side om bruk av «Skype for Business». OBS: Ein kan ikkje nytte appen som heiter «Skype for iPhone/Android» da den ikke tilfredsstiller sikkerhet.

Mikrofon


Slik installerer du appen på Android
Åpne appen «Play» på Android, søk etter «Skype for business» og last ned. Sjå instruksvideo til iPhone.

Slik installerer du appen på iphone
Åpne appen «App Store» på iPhone, søk etter «Skype for business» og last ned (evnt trykk på sky).
Video


Slik brukar du appen på mobil/nettbrett/bærbar PC

Skype for business har funksjonar for å gjennomføre videokonsultasjonar

Korleis bruke videoappen?
«Skype for Business» har funksjonar for å gjennomføre videokonsultasjonar. Ein må være knytt til WIFI-nettverk.
I god tid før videokonsultasjonen må du gjere deg kjent med bruken av «Skype for Business». Sett av tid til å sjå video og lese brukermanual. Du må sjølv teste dette vha test-innkalling under, eller så raskt du har fått innkalling til videokonsultasjonen. Det forutsettes at du allereie har installert «Skype for Business».



Teste deltaking i videopoliklinikk:
Det er mogleg å teste oppsettet før du har motteke innkalling i e-post. Etter at app er installert trykker du på følgande lenke på mobilen:
http://bit.ly/videopoliklinikk
Skype-app skal lastast og så kjem ein inn i lobby. Denne brukast kun som test – ved videopoliklinikk må du følge lenka du har motteke i e-post

Innkalling i Epost
Når du mottek epost kan du legge innkallinga til kalenderen din på mobilen. På mobilen kan du og legge til at du ønsker påminning for eksempel 15 minutter før videokonsultasjonen. Ver oppmerksom på at dersom du godtek innkallinga du får på e-post så vil denne forsvinne og bli lagra i kalender.

Delta i videokonsultasjon
1. Finn fram innkallinga i eposten eller i kalenderen på mobilen din dersom du lagra den der.
2. Trykk på «Bli med i Skype-møte» og velg å opne innkallinga i appen «Skype for business».
3. I appen «Skype for Business» velger du å trykke på «Gjest», skriv så inn namnet ditt og trykk på stor blå pil. Du ventar no i lobbyen inntil behandlar slepp deg inn til sjølve videokonsultasjonen.
4. Når du blir sluppe inn i videokonsultasjonen må du aktivere kameraet ditt (er kameraikon heilblått vert video vist), sjekk også om mikrofon ikkje er deaktivert (er då heilblått ikon med strek over). Om du ikkje får aktivert kamera er du truleg ikkje tilkoblet WIFI, evnt har du ikkje gitt «Skype for business» tilgong til ditt kamera. Sjå hjelpesida «Ofte stilte spørsmål».

Har du problem med appen? Svar på dei vanlegaste spørsmåla om bruken finn du her

Om du får utfordringar, finn dei svar på dei vanlegaste problema 
Du kan støte på utfordringar med bruk av videoappen, dette er ei hjelpeside kor du kan finne svar under.
Eg får ikkje lasta ned app til mobil
Sjekk at du er kobla til wifi, og at du har logga inn på kontoen din i appstore.
Eg får ikkje starta app i Android
Nokre mobilar/nettbrett har sikkerhetsinnstillingar som gjer at du ikkje får starta «Skype for Business». Prøv å sjå etter beskjeder du må svare ut på skjermen. 
Eg får ikkje aktivert video
Gå til innstillingar/settings på mobilen, finn fram til «Business» i lista og trykk på denne og sjekk at du har gitt kameratilgong for appen.
Eg får ikkje aktivert lyd
Gå til innstillingar/settings på mobilen, finn fram til «Business» i lista og trykk på denne og sjekk at du har gitt tilgong til mikrofon for appen.
Eg får ikkje logga inn på appen – har ikkje brukernavn/passord
Du skal ikkje logge inn. Du skal velge at du er «Gjest» og skrive inn namnet ditt for å komme videre. Du treng ingen konto for å bruke videokonsultasjon.
Eg hører ikkje behandlar
Skru opp lyden på mobilen vha av volumtaster på siden av mobilen. Sjekk også at du ikke har deaktivert lyd i appen – ikon for høgtalar.
Kamera viser ikkje meg
Du har truleg aktivert hovudkamera på mobilen – trykk ein plass på skjermen og velge kameraikon oppe til høgre for å skifte kamera du viser
Eg er tilkobla wifi, men får ikkje aktivert kamera
Du er truleg tilkobla eit offentleg nettverk med sikkerhetsinnstillingar som gjer at du dessverre ikkje får dele video.

Kva er regional poliklinikk

Regional videopoliklinikk er ein ny måte å tilby helsetenester på for å unngå lange pasientreiser mellom sjukehus og føretak. Hensikta er å tilby konsultasjonar så nært som mogleg bostad: på eit nærsjukehus.

Er regional videopoliklinikk rett for meg?
Videopoliklinikk er ikkje optimalt for alle typar konsultasjonar. Denne typen konsultasjon kan ikkje brukast dersom det vert krevd ei form for undersøking eller prosedyre under konsultasjonen. Dersom du lurer på om din neste konsultasjon kan vere en videotime, spør din behandler.

Korleis fungerer regional videopoliklinikk?

  • Du treng ikkje eige eget videoutstyr
  • Timen vert booka i forkant, på same måte som ved oppmøtepoliklinikk (sjå innkallingsbrev med dato for oppmøte, klokkeslett og lokasjon for videotimen)
  • Sjukehusverten viser deg til videopoliklinikkrommet og hjelper deg med oppkobling om det trengs. Du kan også sjå fremgangsmåte på video før du kjem til sykehuset
  • Videotimen har eit eige virtuelt venterom, behandler slipper deg inn i timen

Fordelar med videopoliklinikk 

  • Redusert reisebelastning og redusert tid vekke fra hjemmet/jobben/skole
  • Du får samme kvalitet på timen som ved oppmøtepoliklinikk

Er videopoliklinikktime trygt?
Helse Midt-Norge brukar Skype for Business ved videopoliklinikk og dette er godkjent som trygt og konfidensielt frå Helse Midt-Norge IKT. Det er ikkje mogleg å gjere opptak av videomøta.

Personvern

Ved å trykke på lenka «Bli med i Skype-møte»,  godtar du å delta på videomøte med lege knytt til Helse Møre og Romsdal HF for å utveksle opplysingar knytte til helsa di eller den eventuelle behandlingssituasjonen din. I videomøtet vil kommunikasjonen gå føre seg med lyd- og bildeoverføring via sikkert samband mellom mobiltelefon og datamaskin. Det vil ikkje bli lagra opptak frå møtet, og det vil ikkje vere mogleg å sende tekstmeldingar i appen. Det er frivillig å nytte seg av videomøte, og retten din til helsehjelp blir ikkje påverka av om du deltar på videomøte eller om du heller ønsker å møte på sjukehuset. Dersom du likevel ikkje ønsker å delta på videomøte, kan du trekke tilbake dette samtykket ved å avslå denne kalendarinvitasjonen, eller ta kontakt med sjukehuset for å avtale ny konsultasjon. Eventuell tilbaketrekking av samtykke vil ikkje påverke lovlegheita av allereie haldne videomøte. Du har på visse vilkår rett til innsyn, retting og sletting av dei opplysingane frå samtalen som eventuelt blir lagra i journalen din. Rettsleg grunnlag for behandling av helseopplysingar er personopplysingslova § 1, jf. personvernforordninga art. 6 (1) bokstav b, c og f, jf. art. 9 (2) bokstav a og h. Dataansvarleg for personopplysingar er administrerande direktør ved Helse Møre og Romsdal HF. Ved spørsmål kan personvernombodet kontaktast via e-post til postmottak@helse-mr.no. Nærare informasjon om korleis personopplysingane dine vil bli behandla, står i personvernerklæringa vår.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.