Generell info om videokonsultasjonar

Videokonsultasjonar kan no nyttast til utvalde kontrollar ved ein del poliklinikkar

​Videokonsultasjonar
Videokonsultasjonar kan nyttast av behandlar der det ikkje er nødvendig med ei klinisk undersøking som del av konsultasjonen din. Eksempler på konsultasjoner kan være svar på prøver, kontroll av behandling, informasjon før behandling med meir. Du nytter videoappen «Skype for Business» som må vere installert på din mobil.

Samtykke
Behandlar må ha samtykke frå deg for å kunne benytte videokonsultasjoner. Samtykke vert dokumentert, og du kan trekke dette tilbake utan at det går ut over behandlinga di. Du må også oppgi e-postadressa  di slik at vi kan sende innkallinga til denne.

Krav for å kunne delta på videokonsultasjoner
1.  Du må ha ein mobiltelefon, smartphone.
2.  «Skype for Business» installert på mobil
3. Tilkobla Wifi under videokonsultasjonen
4. E-post du kan lese på mobilen.
Vidare er det krav om at du aktiverar ditt kamera under videokonsultasjonen slik at du og din behandlar kan sjå kvarandre

Kostnadar

Videokonsultasjoner er sidestilt med fysisk oppmøte hos behandlar. Du mottek faktura for eigenandel som ved fysisk oppmøte.

Førebuingar

Det er viktig at du har gjort deg kjend med teknologien i god tid før første videokonsultasjon. Last ned app og forsøk oppkobling til test-konsultasjon uker før videokonsultasjon. Sørg for at mobilen er lada og at du sit i eit stille rom.

Kva poliklinikker tilbyr videokonsultasjoner?

Eit begrensa utval poliklinikkar tilbyr videokonsultasjonar i 2019. Spør din behandlar om moglegheita ved neste kontroll.

Gå tilbake til videopoliklinikk


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.