Har du problem med appen?

Om du får utfordringar med å bruke appen finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla her

Ofte stilte spørsmål
Du kan støte på utfordringar med bruk av videoappen, dette er ei hjelpeside kor du kan finne svar under

Om du får utfordringar med å bruke appen finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla her

Eg får ikkje lasta ned app til mobil
Sjekk at du er kobla til wifi, og at du har logga inn på kontoen din i appstore.
Eg får ikkje starta app i Android
Nokre mobilar har sikkerhetsinnstillingar som gjer at du ikkje får starta «Skype for Business». Prøv å sjå etter beskjeder du må svare ut på skjermen.
Eg får ikkje aktivert video
Gå til innstillingar/settings på mobilen, finn fram til «Business» i lista og trykk på denne og sjekk at du har gitt kameratilgong for appen.
Eg får ikkje aktivert lyd
Gå til innstillingar/settings på mobilen, finn fram til «Business» i lista og trykk på denne og sjekk at du har gitt tilgong til mikrofon for appen.
Sjekk innstillingane på telefonen

Sjekk innstillingane på telefonen

Eg får ikkje logga inn på appen – har ikkje brukernavn/passord
Du skal ikkje logge inn. Du skal velge at du er «Gjest» og skrive inn namnet ditt for å komme videre. Du treng ingen konto for å bruke videokonsultasjon.
Eg hører ikkje behandlar
Skru opp lyden på mobilen vha av volumtaster på siden av mobilen. Sjekk også at du ikke har deaktivert lyd i appen – ikon for høgtalar.
Kamera viser ikkje meg
Du har truleg aktivert hovudkamera på mobilen – trykk ein plass på skjermen og velge kameraikon oppe til høgre for å skifte kamera du viser
Eg er tilkobla wifi, men får ikkje aktivert kamera
Du er truleg tilkobla eit offentleg nettverk med sikkerhetsinnstillingar som gjer at du dessverre ikkje får dele video.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.